Al-Rifai-distriktet er eit distrikt i Dhi Qar guvernement i Irak, 80 km nord for Nasiriyah og 300 km sør for Bagdad. Det er kalla opp etter sjeik Ahmed al-Rifa'i, som skipa Rifa'i Sufi-orrdenen. Det omfattar administrasjonssenteret Al-Rifai og byane Al Nasir, Al Fajir (ناحية الفجر) og Qalat Sukkar. Distriktet har kring 450 000 innbyggjarar, hovudsakleg arabarar og sjiamuslimar som arbeidar innan jordbruk, små forretningar og statlege jobbar.[1]
Garraf oljefelt ligg i distriktet, kring 5 km nordvest for byen al-Rafai. Det held opp mot 1 milliard fat olje.[2][3]
Sumer universitet ligg i al Rafai og vart skipa i 2011.
Kjelder