Al-Kāẓimiyyah (arabisk الكاظمية) eller al-Kāẓimayn (الكاظمين) er ein bydel nord i Bagdad i Irak. Han ligg kring 5 km frå sentrum av byen, på vestbreidda av Tigris. Al-Kāẓimiyyah er òg namnet på eit av ni administrative distrikt i Bagdad. Her har Masjid al-Kāẓimayn, moskeen «To som svelgde sinnet sitt», lege sidan før området vart ein del av byen, og vert rekna som ein heilag by av den sjiamuslimske Tolvar-sekta.[1]
Kjelder
- ↑ «Kadhimiya». Encyclopaedia of Iranian Architectural History (på persisk). Arkivert frå originalen den 3. oktober 2015.
Bakgrunnsstoff