Al Mansour (arabisk المنصور، بغداد) er eit av ni administrative distrikt i Bagdad i Irak. Det er det vestlegaste i byen og grensar i aust til bydelen Karkh sentralt i Bagdad, i nord til Kadhimiya, i vest til Bagdad internasjonale flyplass og i sør til Al Rashid. Al Mansour er kalla opp etter Abu Ja'far al-Mansur, den andre abbaside-kalifen og grunnleggjar av Bagdad. I 2015 var bydelen ein av dei mest sunnidominerte bydelane i Bagdad, hovudsakleg på grunn av innflytting frå sunni-områda Anbar under den irakiske borgarkrigen.[1][2]
Kjelder