Denne artikkelen handlar om staden i Irak. For den historiske staden i Syria kalla Sergiopolis, sjå Resafa.
Al Rusafa (arabisk الرصافة) eller Rasafa er den halvdelen av Bagdad i Irak som ligg på austbreidda av elva Tigris. Vestbreidda av elva er Al Karkh.
I ein meir avgrensa definisjon er Rusafa eit av ni administrative distrikt i Bagdad. Dette distriktet er det eldre området på austsida av Bagdad, det sentrale handelsområdet, eit marknadssenter som vert rekna som eit av dei fire sentrumsområda i Bagdad (Karkh, Rasafa, A'dhamyya og Kadhmyya). Her er mange landemerke og monument, inkludert Frigjeringsplassen, som er det største landemerket i Bagdad og eit av dei mest vitja.
Nabolag i Rusafa er mellom andre Bab Al-Moatham og Al-Sa'adoon.
Kjelder