Al-Adhamiyah (arabisk الأعظمية, al-aʿẓamiyyah) eller Azamiya, er ein bydel og distrikt aust i det sentrale Bagdad i Irak. Det er eit av ni administrative distrikt i byen.
Adhamiyah ligg nordvest for for bysentrum og er eit finare område. Det har kring 100 000 innbyggjarar. Folkesetnaden er 85 % sunni og 15 % sjia. Mange av innbyggjarane her har høgare utdanning, og består av politikarar, kunstnarar, akademikarar og idrettsfolk.[1][2]
Området er datert attende til abbasidane og er eit av dei eldste områda i Bagdad.
Kjelder