Kirkuk guvernement (kurdisk پارێزگای کەرکووک Parêzgay Kerkûk; arabiskمحافظة كركوك, romanisert Muḥāfaẓat Karkūk; gammalsyrisk ܟܪܟ ܣܠܘܟ Karḵ Sloḵ) er eit guvernement i Nord-Irak. Guvernementet har eit areal på 9 679 km². I 2017 vart det estimert at folketalet var over 1,2 millionar innbyggjarar.[2] Provinshovudstaden er byen Kirkuk. Det er delt inn i fire distrikt.
Frå 1976 til 2006 vart det kalla At-Ta'mim guvernement, som tyder 'Nasjonalisering' og syner til dei statseigde olje- og naturgassreservane i regionen. Før 1976 hadde det heitt Kirkuk guvernement.