Dhi Qar guvernement (arabisk ذي قار , romanisert Dhī Qār ) er eit guvernement sør i Irak . Provinshovudstaden er Nasiriyah . Før 1976 heitte guvernementet Muntafiq guvernement. Dhi Qar var hjartet i den irakiske oldtidssivilisasjonen Sumer , og omfattar ruinane av Ur , Eridu , Lagash , Larsa , Girsu , Umma og Bad-tibira . Det sørlege området av guvernementet er dekt av Dei mesopotamiske sumpene .
Regionen har kring 2 millionar innbyggjarar, hovudsakleg sjiamuslimske arabarar. Dei sørlege sumpområda har tradisjonelt vore heimstaden til mange sumparabarar .
Skildring
Guvernementet omfattar byane al-Rifai , Qalat Sukkar , Ash Shatrah , al-Gharraf , Suq al-Shuyouk , Khamisiyah og al-Chibayish
An Nasiriyah var vitne til somme av dei hardaste kampane og hardaste motstanden under den amerikanske invasjonen i 2003.
Distrikt
Kjelder
Bakgrunnsstoff