Muthanna guvernement (arabiskمحافظة المثنى, romanisert Muḥāfaẓat al-Muthannā) er eit guvernement i Irak, kalla opp etter den arabiske generalen al-Muthanna ibn Haritha frå 600-talet. Det ligg sør i landet ved grensa til Saudi-Arabia. Det administrative senteret er byen Samawah.
Samawah ligg like ved den sumerisk-babylonske oldtidsbyen Uruk (arameiskErech), som kan vere opphavet til namnet «Irak». Etter Babylon fekk lågare status då selevkidane grunnla Seleucia, vart Uruk den største byen sør i Babylonia. Namnet hans, Erech, fortrengde etterkvart Babili (Babylonia), sidan byen varte langt lengre enn den tidlegare hovudstaden, fram til 600-talet.