Karbala guvernement (arabiskمحافظة كربلاء, romanisert Muḥāfażat Karbalāʾ ) er eit guvernement sentralt i Irak. Det administrative senteret er byen Karbala, ein heilag by for sjiamuslimar då Imam Hussein er gravlagd her. Oppimot 99,99 % av innbyggjarane er sjiamuslimar.[2] Delar av den kunstige Razzaza- eller Milh-sjøen ligg i guvernementet.