Al Diwaniyah (arabisk الديوانية); òg skrive Diwaniya) er hovudstaden i Al-Qādisiyyah guvernement i Irak. I 2012 var folketalet i byen estimert til å vere 650 000 innbyggjarar.
Området kring Al Diwaniyah er eit av dei mest frodige områda i Irak, og kraftig oppdyrka. Vatnet til jordbruket kjem frå den nærliggande elva Eufrat. Byen ligg langs hovudjernbanelinja mellom Bagdad og Basra.
For fuglekikkarar har Al-Diwaniyah eit rikt fugleliv.
Byen har ein dekkfabrikk som ein gong produserte det meste av dekk i Irak.[1]
Kjelder
- ↑ Gordon, Michael (3. august 2008). «The Last Battle». New York Times. Henta 28. februar 2021.