County Offaly (irsk Contae Uíbh Fhailí eller berre Uíbh Fhailí )[1] er eit grevskap i Republikken Irland sentralt på Irland i provinsen Leinster. Tullamore er administrasjonssenter i fylket.[2]
Opphavleg utgjorde grevskapet Kongedømet Uí Failghe og det vart gjort til grevskap i 1556 av Maria I av England, og vart opphavleg kalla King's County («Kongen sitt grevskap») etter kong Filip II av Spania. Hovudbyen var Daingean fram til 1800-talet.
County Offaly grensar til Westmeath i nord, Roscommon, Galway og Tipperary i vest, Laois i sør og Kildare og Meath i aust.
I den sørlege delen av grevskapet ligg fjellkjeda Slieve Bloom, og i den nordvestlege delen ligg flaumsletta til Shannonelva, medan resten av området består av store myrområde, som Bog of Allen og Boora Bog.
Byar i Offaly
- Tullamore (hovudby)
- Ballinagar, Ballyboy, Banagher, Birr
- Cadamstown, Clara, Cloghan, Cloneygowan, Clonbullogue
- Clonmacnoise, Crinkill, Croghan Hill
- Daingean
- Edenderry
- Ferbane
- Geashill
- Horseleap
- Kilcormac, Killeigh, Killoughey, Kinnitty
- Moneygall, Mountbolus
- Portarlington (halvparten ligg i County Laois, elva Barrow dannar grensa)
- Rahan, Rhode
- Shannonbridge, Shannon Harbour, Shinrone
- Walsh Island
Kjelder
Bakgrunnsstoff