Store norske leksikon (forkorta SNL) er eit leksikon som no blir utgjeve på Internett, men opphavleg var eit bokverk i fleire band. Det var tidlegare berre på bokmål, men artiklar i verket blir i dag publisert i båe målformer.
Det er estimert at det er selt 270 000 sett av leksikonet som bokverk, og at omsetninga til saman var over 2 milliardar kroner. Førehandssalet av Store Norske tok til i 1978, og vart på over 30 000 sett. Så seint som i 1995 vart det selt 10 000 sett årleg, og Kunnskapsforlaget hadde eit overskot på 20 millionar kroner.
Nedgangen i kommersiell leksikonbransje på 1990-talet ramma Kunnskapsforlaget hardt, og lenge var det tvil om dei ville klare å gje ut ei fjerde papirutgåve av leksikonet. Etter at stiftinga Fritt Ord løyvde ti millionar kroner i 2003 sette utgjevaren i gang produksjonen, og forlaget hadde i februar 2006 selt 7 500 sett av leksikonet.[1]
Den fjerde utgåva av SNL kom ut frå januar 2005 til april 2007 i 16 band, på om lag 12 000 sider og med om lag 150 000 artiklar. Verket har 2 000 tabellar, 800 kart og 15 000 illustrasjonar.
SNL kom i nettutgåve frå 2000, og fekk etter kvart fleire hundre tusen private brukarar og institusjonsbrukarar. På grunn av svikt i annonseinntektene vedtok eigarane i mars 2010 å avvikle drifta av nettstaden storenorskeleksikon.no med verknad frå 1. juli 2010. Kunnskapsforlaget ville heretter konsentrere seg om å gje ut ordbøker.[2]
Hausten 2014 vart nettleksikonet omorganisert frå å vere eit aksjeselskap til å verte ei foreining, Foreningen Store norske leksikon, der det økonomiske grunnlaget vart sikra ved medlemskontingent frå medlemane. Institusjonen Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Det Norske Videnskaps-Akademi, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, universiteta i Noreg og fleire høgskular har meldt seg inn i foreininga, som òg ynskjer andre viktige kunnskapsinstitusjonar som medlemar. Leksikonet vert såleis knytt til dei viktigaste kunnskapsinstitusjonane i Noreg, og dette skulle kunne kombinere høg kvalitet med ein trygg økonomi.