County Meath[a] er eit grevskap i Republikken Irland aust på Irland i provinsenLeinster. Det vert òg kalla The Royal County, men dette har aldri vore eit offisielt namn. Administrasjonsbyen er Navan, men enkelte offentlege kontor ligg òg i Trim, som er ein historisk viktig by.
I nyare tid har det vore ei forflytting av folkesetnaden i Meath, slik at dei nordlege og vestlege delane har opplevt utflytting, medan det i den austlege delen har kome mange innflyttarar, dei fleste frå Dublin.
Meath var opphavleg kjernen i ein eigen provins, Meath, men denne vart ein del av Leinster. Grevskapet omfatta heile Westmeath fram til 1543, då Westmeath vart eit eige grevskap.