County Wicklow (irskContae Chill Mhantáin eller berre Cill Mhantáin)[1] er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsenLeinster. Administrasjonsbyen er Wicklow, medan den største byen er Bray. Grevskapet vert stundom kalla The last country på folkemunne, sidan det er det siste grevskapet som vart oppretta, i 1605 på territorium som tidlegare var del av County Dublin. Det vert òg kalla Irland sin hage.
Inn på 1800-talet var Wicklow eit sentrum for irske opprørarar, og ein militærveg vart lagd gjennom grevskapet for at britiske styrkar raskt kunne flytte seg i området.