County Limerick (irsk Contae Luimnigh eller berre Luimneach)[1] er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster.
County Limerick grensar til Clare i nord, Tipperary i aust og Cork i sør og Kerry i vest.
Elva Shannon renn gjennom administrasjonsbyen Limerick og ut i Atlanterhavet via Shannon-estuaret. Limerick by vert administrert separat som grevskapsdistriktet City of Limerick.
Sidan Shannon-estuaret utanfor Limerick by er særs grunn, ligg grevskapet si viktigaste hamn ved Foynes.
Grevskapet har eit universitet i Limerick by, University of Limerick. Det var opphavet ein teknisk høgskule som har vorte utvida.
Limerick ligg nær Shannon International Airport i Clare.
Byar og landsbyar i County Limerick
Kjelder
- ↑ «Luimneach». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 21. november 2024.
Bakgrunnsstoff