County Armagh (irskContae Ard Mhacha eller berre Ard Mhacha)[1] er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsenUlster. Grevskapet vert kalla «Irland sin frukthage» på grunn av den fruktbare jorda. Tradisjonelt administrasjonssete i grevskapet er Armagh.
Den sørlege delen av Armagh har sidan 1970-åra vore eit av dei mest militariserte områda i Vest-Europa. Årsaka til dette er at det i folkesetnaden er ein stor majoritet av nasjonalistar, slik at det har vore lett for væpna grupper å operere der. Denne delen av grevskapet har i pressen ofte vorte omtalt som Bandit country (Bandittlandet).
Etter reforma av lokalstyret i Nord-Irland har ikkje lenger grevskapet noko administrativ funksjon, og er erstatta av distrikt.