County Wexford

Wexford
Loch Garman
county
Land  Irland
Provins Leinster
Hovudstad Wexford
Areal 2 365,0 km²
Folketal 145 273 (2011)
Bilnummer WX
Kart
County Wexford
52°30′00″N 6°40′00″W / 52.5°N 6.6666666666667°W / 52.5; -6.6666666666667
Kart som viser County Wexford.
Kart som viser County Wexford.
Kart som viser County Wexford.
Wikimedia Commons: County Wexford

County Wexford (irsk Contae Loch Garman eller berre Loch Garman)[1] er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Administrasjonsbyen er Wexford. Namnet på byen, og dermed grevskapet, kjem frå norrøne namnet Waesfjord, fjorden ved mudderslettene.

Eit fylke, Wexford County, i den amerikanske delstaten Michigan er kalla opp etter det irske grevskapet.

County Wexford grensar til Wicklow og Carlow i nord, Kilkenny og Waterford i vest, Det keltiske havet i sør og Irskesjøen i aust.

Historie

I 1169 invaderte anglo-normannarane Wexford etter oppfordring frå kongen av Leinster, Diarmuid MacMurrough Kavanagh. Dette var det første skrittet mot den engelske koloniseringa av øya. Under det irske opprøret i 1798 stod nokre av dei hardaste kampane i Wexford, spesielt slaget ved Enniscorthy og slaget ved Boolavogue.

Det var i 1970-åra planar om å byggje eit atomkraftverk ved Carnsore Point. Dette vart skrinlagt, og det står no eit vindkraftverk med 14 vindmøller der.

Byar og landsbyar i Wexford

Kjelder

  1. «Loch Garman». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 26. november 2024. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: County Wexford

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!