County Carlow (irsk Contae Cheatharlach eller berre Ceatharlach)[1] er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Grevskapet har meir enn 50 000 innbyggjarar. Administrasjonssenter er Carlow som ligg ved elva Barrow.
County Carlow grensar til Kildare og Laois i nord, Kilkenny i vest, Wexford i sør og Wicklow i aust.
Byar og landsbyar
Kjelder
- ↑ «Ceatharlach». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 22. november 2024.
Bakgrunnsstoff
Reiseguide for
Carlow frå Wikivoyage