Ho fekk Nobelprisen i litteratur for 2007 med grunngjevinga at ho er «den kvinnliga erfarenhetens epiker, som med skepsis, hetta och visionär kraft har tagit en splittrad civilisation till granskning.»[2][3]
I 2001 varn ho David Cohen-prisen for livslang prestasjon i britisk litteratur. I 2008 rangerte avisa The Times henne på femteplassen på ei liste over «Dei 50 største britiske forfattarane sidan 1945.»[4]
Lessing var fødd i Kermanshah i Persia og voks opp i Sør-Rhodesia. Ho slo seg ned i London i 1949 og den første romanen hennar, The Grass Is Singing, kom ut året etter. Gjennombrotet sitt fekk ho med The Golden Notebook (1962).
Bakgrunn
Doris Lessing var dotter av kaptein Alfred Tayler og Emily Maude Tayler (fødd McVeagh). Foreldra var britiske,[5] men Lessing blei fødd i Kermanshah i dåverande Persia, der faren arbeidde for Imperial Bank of Persia.[6][7] Foreldra hadde møtt kvarandre på Royal Free Hospital i London der faren, som hadde kjempa i første verdskrigen, kom seg etter amputasjonen av ein fot. Mora var sjukepleiar der.[8][9]
I 1925 flytta familien til den britiske kolonien Sør-Rhodesia (no Zimbabwe) for å dyrka mais rundt 400 hektar villmark som faren hadde kjøpt. Gardbruket var hardt og gav lite inntekter.[10]
Doris gjekk på ein katolsk skule i den sør-rhodesiske hovudstaden Salisbury (no Harare).[11] Som trettenåring slutta ho på skulen og tok deretter han om utdanninga si på eiga hand. Ho forlét heimen då ho var femten og arbeidde som barnepassar. Ho byrja lesa stoff om politikk og sosiologi som arbeidsgjevaren gav henne.[9] På denne tida byrja ho også å skriva.
I 1937 flytta Doris til Salisbury for å bli telefonist. Ho blei gift med Frank Wisdom, som ho fekk to barn med (John, fødd i 1940 og Jean, fødd i 1941). Ekteskapet enda i 1943.[9]
Doris var blitt med i den vensteorienterte Left Book Club,[10][12] der ho møtte sin framtidige andre ektemann, Gottfried Lessing. Dei fekk eit barn saman, (Peter, føddi 1946), men skilde lag i 1949. Doris Lessing gifta seg ikkje opp att.[9] Ho hadde eit forhold til RAF-mannen John Whitehorn (bror til journalisten Katharine Whitehorn), som var stasjonert i Sør-Rhodesia, oog skreiv nitti brev til han mellom 1943 og 1949.[13]
I 1949, etter oppløysinga av det andre ekteskapet sitt, flytta Lessing til London for å bli forfattar og engasjera seg politisk. Ho tok med seg yngstesonen Peter, men lét dei to eldste barna bli verande igjen i Afrika med faren Frank Wisdom.[14] I London engasjerte ho seg i kampanjar mot atomvåpen og apartheid, noko som gjorde at ho blei bannlyst frå Sør-Afrika og Rhodesia i 1956.[15] Same året, etter den sovjetiske invasjonen av Ungarn, forlét ho kommunistpartiet.[16] På 1980-talet engasjerte ho seg mot den sovjetiske okkupasjonen av Afghanistan.[17]
21. august 2015 blei delar av overvakingsmappa til Lessing, utført av MI5 og MI6, gjort offentleg[18] Rapporten viste at Lessing blei overvaka i rundt tjue år, frå byrjinga av 1940-åra. Grunnen skal ha vore tilknytinga hennar til kommunismen og den anti-rasistiske aktivismen hennar.[19]
Forfattarskap
Doris Lessing byrja selja soger til blad då ho var femten.[20] Ho gav ut sin første roman, The Grass Is Singing, i 1950.[10] Boka skildra oppveksten hennar i Sør-Rhodesia.
Verket som gjorde henne internasjonalt kjend, The Golden Notebook, kom ut i 1962.[7] Gjennom karrieren sin gav ho ut over 50 romanar, nokre av dei under pseudonym.[21]
Forfattarskapen til Lessing er gjerne delt inn i tre ulike fasar:
I den kommunistiske fasen sin (1944–56) skreiv Lessing hovudsakleg radikal litteratur om samfunnstilhøve, eit tema ho kom tilbake til i The Good Terrorist (1985).
Frå 1956 til 1969 hadde ho ein psykologisk fase som omfatta Golden Notebook og Children of Violence-kvartetten.
Seinare kom ein sufi-inspirert fase som ho brukte i Canopus in Argos, ein serie av science fiction (eller space fiction, som ho sjølv føretrekte).
I 1982 gav Lessing ut to romanar under pseudonymet Jane Somers for å demonstrera kor vanskeleg det kunne vera for nye forfattarar å få verka sine gjevne ut. Romanane blei refuserte av Lessing sin eigen forleggjar, men blei godtekna av ein annan i Storbritannia, Michael Joseph, og av Alfred A. Knopf i USA. The Diary of a Good Neighbour[22] kom ut i 1983 og If the Old Could i 1984,[23] begge under namnet Jane Somers. I 1984 blei begge romanane gjevne ut som ei bok med tittelen The Diaries of Jane Somers: The Diary of a Good Neighbour and If the Old Could og med Doris Lessing oppgjeven som forfattar.[24]