Serbias vitenskaps- og kunstakademi, American Academy of Arts and Letters, Polska Akademia Umiejętności, American Academy of Arts and Sciences, Stowarzyszenie Pisarzy Polskich, Żagary, Akademicki Klub Włóczęgów Wileńskich
Czesław Miłosz (30. juni1911–14. august2004) var ein polsk poet, prosaforfattar og omsetjar av litauisk opphav som i 1980 fekk Nobelprisen i litteratur for at han «med kompromisslös klarsyn tolkar människans utsatthet i en värld av starka konflikter.»[1][2] Han snakka fleire språk, men dikta på polsk.
Liv
Miłosz var fødd i Šeteniai i Litauen i dåverande Tsar-Russland, i ein polskspråkleg familie. Han fekk si vidaregåande utdanning i Vilnius, og studerte juss ved Universitetet i Vilnius. Han gav ut si første diktsamling som student, 22 år gammal. Etter denne utdanninga vann han ei statleg stipend for å studera litteratur i Paris.[3]
Seinare arbeidde Czesław Miłosz ei tid i lokal og nasjonal polsk radio. Han arbeidde ved den nasjonale kringkastaren då Tyskland invaderte Polen i 1939, og engasjerte seg i motstanden mot nazistane. Miłosz høyrde makteslaust massakren av jødane i Warszawaghettoen i 1943, noko han seinare skildra i dikt. Året etter var han vitne til øydelegginga av den polske hovudstaden etter Warszawa-opprøret.[3]
Etter krigen blei Czesław Miłosz utnemnd til diplomat, sjølv om han ikkje tilhøyrde kommunistpartiet. Han hoppa av til Frankrike i 1951.[3]
I 1960 flytta Miłosz til USA, og i 1970 blei han amerikansk statsborgar. Han blei professor i slaviske språk ved University of California i Berkeley i 1961.[4]
Miłosz vende tilbake til Polen etter at kommunismen fall.[3] Han døydde i Krakow.