Den sovjetiske forfatterforeningen, Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Det russiske vitskapsakademiet, American Academy of Arts and Sciences, Bayerische Akademie der Schönen Künste
Solzjenitsyn tenestegjorde som kaptein i artilleriet under andre verdskrigen. Etter å ha sett den brutale framferda til sovjetiske soldatar i Polen og Tyskland skreiv han diktet «Prøyssiske netter». Han blei arrestert i februar 1945 for å ha kalla statsleiaren Stalin for «han med barten» i eit brev til ein ven, og i juli det året dømd til ti år i fangeleir. Opplevingane i Gulag førte til bøker som En dag i Ivan Denisovitsj' liv og Gulag-arkipelet. Seinare verk som til dømes I første krets og Kreftavdelingen gav Solzjenitsyn stor vyrnad, og han fekk Nobelprisen i litteratur i 1970.
Solzjenitsyn mista det sovjetiske statsborgarskapet sitt og levde i eksil frå 1974, først i Tyskland, der han budde hjå venen Heinrich Böll, deretter Sveits og til sist i Vermont i USA. Han vitja også Noreg ei tid og vurderte å slå seg ned der. Etter enden på Sovjetunionen drog han tilbake til Russland i 1994. Han heldt fram med sitt virke som regimekritikar også av det nye styret i Russland.
Solzjenitsyn døydde i Moskva av hjartesvikt, 89 år gammal.