Pearl S. Buck var fødd i i Hillsboro, Vest-Virginia.
Ho var dotter av ein presbyteriansk misjonær og budde ein del av barndomen i Keisarriket Kina.
Det kinesiske namnet hennar var Sài Zhēnzhū (kinesisk skrift 賽珍珠).
Frå 1910 til 1914 studerte ho på eit college i Virginia. I 1918 gifta ho seg med jordbruksøkonomen John Lossing Buck. I åra 1922 til 1932 arbeidde ho som professor i engelsk litteratur ved universitetet i Nanjing, hovudstaden i Republikken Kina.[3] Dottera deira leid av Føllings sjukdom som det på den tida ikkje fanst lækjebot for. Pearl Buck skildra erfaringane saman med dottera i boka The Child Who Never Grew (1950, om lag «Barnet som aldri voks opp»).
Kulturkollisjonen mellom USA og det fjerne austen pregar bøkene hennar og ho vart ei talskvinne for toleranse og forståing mellom ulike kulturar. Romanen The Good Earth blir rekna som meisterverket hennar. Det skildrar på ein varm måte livet til dei kinesiske bøndene.
Buck publiserte 80 verk og fem romanar under pseudonymet John Sedges.
Nobelprisen
Tildelinga av Nobelprisen i litteratur til Pearl S. Buck høyrer til dei mest omstridde avgjerdene til den svenske Nobelpriskomiteen. Kritikarane reknar romanane hennar for litterært verdelause – eigentleg som triviallitteratur. Etter at ho fekk Nobelprisen har det vore i bruk ein uoffisiell regel som seier at berre forfattarar som har vore nominert minst ein gong før kan få prisen. Regelen blir i kulturpressa gjerne kalla «Lex Buck».