Walcott var son av Warwick Walcott og Alix Maarlin. Han var fødd i Castries, hovudstaden på Saint Lucia, som tvilling til Roderick Walcott. Dei hadde også ei syster, Pamela. Begge foreldra var lærarar og høyrde til metodistminoriteten på øya.[1] Dei var også interesserte i kunst; faren skreiv dikt og dreiv med akvarellmåling og mora delte ofte poesi med barna.
Faren døydde berre 31 år gammal, då Walcott var svært ung.[2] Mora livnærte familien som lærar og sydame.[2]
Som ung lærte Walcott å måla av målaren Harold Simmons.[3] Han fann inspirasjon hjå Simmons og tidlegre kunstnarar som Cézanne og Giorgione.[2]
Walcott gav ut sitt første dikt som fjortenåring, eit miltonsk religiøst dikt som han fekk på trykk i avisa The Voice of St Lucia. Diktet blei kritisert som blasfemisk i ein engelsk katolsk prest i same avis.[2]
Atten år gammal debuterte Walcott med ei sjølvutgjeven diktsamling med økonomisk støtte frå mora.[2]
Gjennombrotet hans kom med In a Green Night, som kom ut i 1962. Samlinga tek for seg historia til Karibia i ein koloniell og postkoloniell kontekst..[5]
Diktinga hans er generelt prega av den valdsame karibiske historia, med slaveri og undertrykking. Walcott bruker òg mykje symbolikk frå myter sett i samanheng med samfunnet, som i det episke diktetOmeros (1990), der han omarbeider Oddysséen av Homer til å finna stad i Karibia, London og den amerikanske vesten.
Forfattaren var også ein aktiv dramtikar. Han skipa Trinidad Theatre Workshop i 1959 og blei verande aktiv i styret for teateret i fleire tiår.[6][7] Han vekte internasjonal merksemd med skodespelet Dream on Monkey Mountain (1970). Det blei produsert på NBC-TV i USA året det kom ut, og sett opp av Negro Ensemble Company off-Broadway i New York City året etter. Stykket vann Obie-prisen for «beste utanlandske skodespel».[8] Året etter blei han utnemnd til offiser av Den britiske imperieordenen (OBE) for arbeidet sitt.[9]
Walcott samarbeidde i 1997 med Paul Simon om musikalenThe Capeman, som tek opp tilværet for ein puertoricanar som har flytta til USA.
I høve sjølvstendedagen til St Lucia i februar 2016 blei sir Derek Walcott utnemnd til ein av dei første riddarane av Saint Lucia-ordenen.[11]
Personleg liv
Walcott gifta seg med sekretæren Fay Moston i 1954. Dei fekk ein son, Paul, men skilde seg etter to år.[12] Han gifta seg opp att med Margaret Maillard, som var sjelesørgar på eit sjukehus. Dei fekk to døtrer, Elizabeth og Anna, og skilde lag på midten av 1970-talet.[12] I 1976 inngjekk Walcott sitt tredje ekteskap, Norline Metivier, men også dette ende med skilsmål.[12]
Walcott døydde 87 år gammal, heime på Cap Estate på St. Lucia den 17. mars 2017.[13]