Hans best kjende verk er Die Blechtrommel (1959, norsk omsetjing: Blikktrommen), der han skildra livet til ein gut som ikkje ville veksa meir. Boka er ein historie-roman om tida mellom dei to verdskrigane i Danzig.
I 2002 kom Im Krebsgang ut, der temaet igjen er flukta frå Aust-Tyskland. Tittelen spelar på krabben sine rørsler, og Grass skildra den russiske senkninga av skipet Wilhelm Gustloff i Austersjøen i januar 1945, der kring 9 000 tyske flyktningar, flest kvinner og barn, omkom.