Iran (farsi ایران), før 1934 kalla Persia[1] og offisielt Den islamske republikken Iran (farsi جمهوری اسلامی ایران),[2] er eit land i Vest-Asia.[3][4] Det grensar i nordvest til Armenia, den de facto sjølvstendige Republikken Artsakh, Aserbajdsjan og den aserbajdsjanske eksklavenNakhitsjevan; i nord til Kaspihavet; i nordaust til Turkmenistan; i aust til Afghanistan og Pakistan; i sør til Persiabukta og Omanbukta; og i vest til Tyrkia og Irak. Med over 80 millionar innbyggjarar er Iran det 18. mest folkerike landet i verda.[5] Landet dekkjer eit areal på 16 481 95 km² og er det nest største landet i Midtausten og det 17. største i verda. Det er det einaste landet som har kystlinje mot både Kaspihavet og Indiahavet. den sentrale plasseringa i Eurasia og Vest-Asia, og nærleiken til Hormuzsundet, gjev det ein viktig strategisk plassering.[6]Teheran er hovudstaden og den største byen i landet, i tillegg til å vere det økonomiske og kulturelle senteret.
I følgje internasjonale observatørar er det noverande iranske regimet (leia av Ali Khamenei sidan 1989) undertrykkande og brot på menneskerettane er vanleg.[22] Sidan 2000-åra har det kontroversielle atomprogrammet til Iran ført til uro, og er til dels opphavet til internasjonale sanksjonar mot landet. Atomavtalen med Iran er ein avtale mellom Iran og P5+1 frå 14. juli 2015, med mål om å lette på sanksjonane mot at Iran avgrensa produksjonen av anrika uran.
Den rike kulturarva til landet syner seg til dels i dei 21 verdsarvstadane landet har, som er det tredje meste i Asia og det ellevte meste i verda.[27] Iran er eit fleirkulturelt land som består av mange etniske og språklege grupper. Dei største er persarar (61 %), aserbajdsjanarar (16 %), kurdarar (10 %) og lurarar (6 %).[26]
Namn
Omgrepet Iran kjem direkte frå det mellompersiskeĒrān, først nemnt i ein inskripsjon frå 200-talet på Rustam-relieffet, med ein tilhøyrande partisk inskripsjon som nytta omgrepet Aryān, som ein referanse til iranarar.[28] Dei mellomiranskeērān og aryān er fleirtalsformer av demonymaēr- (mellompersisk) og ary- (partisk), som begge kjem frå det proto-iranske*arya- (som tyder «ariar», t.d. «av iranarane»),[28][29] og vert hevda å kome frå proto-indoeuropeiske*ar-yo-, som tyder «dugande montør».[30] På iranske språk er denonymet rekna som ein sjølvidentifikator på oldtidsinskripsjonar og litteraturen til Avesta,[31] og finst òg att i andre iranske, etniske namn som alanar (ossetisk: Ир – Ir) og iron (ossetisk: Ирон – Iron).[29]
Historisk har Iran blitt kalla Persia av Vesten, på grunn av dei mange skriftene til greske historikarar som kalla Iran Persis (gresk Περσίς),[32] som tyder «landet til persarane». Fordi dei gamle grekarane hadde meir samband med persarane enn nokre andre utanforståande, vart omgrepet hengande ved, sjølv lenge etter det persiske styret i Hellas. Men Persis (gammalpersisk: Pārśa; moderne persisk: Pārse) refererte opphavleg til ein region busett av persarane på vestbreidda av Urmiasjøen på 800-talet fvt. Busetnaden vart så flytta til sørenden av Zagrosfjella, og vert i dag kalla Fars-provinsen.
I 1935 bad Reza Shah det internasjonale samfunnet om å kalle landet det opphavleg namnet sitt, Iran. Som New York Times forklarte på den tida «Etter forslag frå den persiske legasjonen i Berlin, har regjeringa i Teheran i høve det persiske nyåret nowruz, 21. mars 1935, byta ut Persia med Iran som det offisielle namnet på landet.» Motstand mot namneendringa gjorde at avgjersla vart omgjort, og professor Ehsan Yarshater, redaktør i Encyclopædia Iranica, føreslo å bruke Perisa og Iran om ein annan.[33] I dag vert både Persia og Iran nytta i kulturelle samanhengar, medan Iran vert nytta offisielt i politisk samanheng.[34]
Historisk og kulturell bruk av ordet Iran er ikkje avgrensa til berre den moderne staten.[35][36][37] «Stor-Iran» (Irānzamīn eller Irān e Bozorg)[38] syner til område med iransk kultur og språk. I tillegg til det moderne Iran omfattar det delar av Kaukasus, Mesopotamia, Anatolia og Sentral-Asia.[39]
Ved hjelp av karbondatering har ein datert grunnlegging av Susa som by attende til 4 395 fvt.[50] Det finst dusinvis av førhistoriske stader på Det iranske platået, som syner at det fanst eldgamle kulturar og bysamfunn på 3000-talet fvt.[49][51][52] I bronsealderen var området der dagens Iran ligg heimstad til fleire sivilisasjonar, som Elam, Jiroft og Zayanderud. Elam var den fremste av desse sivilisasjonane og utvikla seg i sørvest ved sidan av dei i Mesopotamia, og eksisterte fram til dei iranske rika oppstod. Skrivekunsten byrja i Elam kring same tid som i Sumer, og elamittisk kileskrift vart utvikla på 2000-talet fvt..[53]
Frå 3300- til 1900-talet fvt. var det nordvestlege Iran ein del av Kura-Araxes-kulturen, som strekte seg inn i naboområda Kaukasus og Anatolia. Sidan tidleg på 1000-talet fvt. slo assyrarar seg ned i delar av Vest-Iran, og innlemma regionen i sine eigne territorium.
Antikken
På 1000-talet fvt. kom dei gamle iranarane til det som i dag er Iran frå Den eurasiatiske steppa,[54] og rivaliserte med dei opphavlege innbyggjarane i regionen.[55][56] Etter kvart som iranarane spreidde seg til det større området Stor-Iran og vidare, vart grensene til dagens Iran dominerte av medarar, persarar og partiarar.
Frå seint på 900-talet til seint på 600-talet fvt. fall iranske folk og «før-iranske» kongedøme under styret til Det assyriske riket, som var basert nord i Mesopotamia.[57] Under kong Kyaxares, gjekk medarar og persarar inn i ein allianse med den babylonske herskaren Nabopolassar, i tillegg til andre iranske skytar og kimmeriarar, og i lag gjekk dei til åtak på Assyria. Borgarkrigen herja Det assyriske riket mellom 616 og 605 fvt., og frigjorde dei respektive folkegruppene frå tre hundreår med assyrisk styre.[57] Samlinga av medearstammene under kong Deiokes i 728 fvt. førte til at medarane oppstod, og innan 612 fvt. kontrollerte dei nesten heile dagens Iran og det austlege Anatolia.[58] Dette markerte ò slutten på kongedømet Urartu, som vart erobra og oppløyst.[59][60]
I 550 fvt. tok Kyros den store, sonen til Mandane og Kambyses I, over medarane og skipa Akamenide-dynastiet ved å samle andre bystatar. Erobringa av Media kom som følgje av det som vart kalla det persiske opprøret. Oppstanden vart i starten utløyst av handlingane til medianske herskaren Astyages, og spreidde seg raskt til andre provinsar, då dei allierte seg med persarane. Seinare erobringar under Kyros og etterfølgjaren hans utvida riket til å omfatte Lydia, Babylon, Egypt, delar av Balkan og Aust-Europa, i tillegg til landområde vest for Indus og Oxus.
539 fvt. var året då persarane slo den babylonske hæren i Opis, og markerte slutten på kring fire hundreår med mesopotamisk styre i regionen gjennom erobringa av Det nybabylonske riket. Kyros gjekk inn i Babylon og presenterte seg sjølv som ein tradisjonell, mesopotamisk monark. Den akamenidiske kunsten og ikonografien som følgde syner påverknaden den nye politiske realiteten hadde i Mesopotamia.
Det er estimert at i 480 fvt. budde 50 millionar menneske i Akamenide-riket.[61][62] Riket regjerte på det meste over 44 % av heile folkesetnaden i verda, som er det høgaste talet for noko rike gjennom historia.[63]
Akamenide-riket var kjend for å ha sleppt fri jødane i eksil i Babylon, bygde infrastruktur som Kongevegen og Chapar (postteneste), og bruk av eit offisielt språk, gammalarameisk, gjennom heile territoriet sitt.[10] Riket hadde ein sentralisert, byråkratisk administrasjon under keisaren, ein stor profesjonell hær og offentlege tenester, som inspirerte liknande utvikling i seinare imperium.[64][65]
Dei første konfliktane langs dei vestlege grensene byrja med det ioniske opprøret, som braut ut i dei gresk-persiske krigane og pågjekk gjennom den første halvdelen av 400-talet fvt. og enda med at akamenidane trekte seg attende frå alle områda sine i Balkan og Aust-Europa.[66]
I 334 fvt. invaderte Aleksander den store Akamenide-dynastiet, og slo den siste akamenidiske keisaren, Darius III, i slaget ved Issus. Etter at Aleksander døydde tidleg, vart Iran underlagt det hellenistiskeSelevkideriket. På midten av 100-talet fvt. vart Partia den viktigaste makta i Iran, og partiane og romarane vart geopolitiske erkerivalar det neste hundreåret, og enda med dei romersk-partiske krigane. Partia fortsette som eit føydalt monarki i nesten fem hundreår, fram til 224 evt., då det vart etterfølgd av Sasanideriket.[67] I lag med naboriket og erkerivalane i Romarriket og Austromarriket, utgjorde dei to dei dominerande maktene i verda på denne tida, i over fire hundreår.[11][12]
Sasanidane etablerte eit rike innafor grensene av området som akamenidane hadde hatt, med hovudstad i Ktesifon. Sasanidetida seint i antikken vert rekna som ein av dei viktigaste periodane i Iran, sidan innverknaden deira nådde heilt til Roma (og gjennom det så langt som Vest-Europa),[68][69]Afrika,[70] Kina og India,[71] og spelte ei viktig rolle i utviklinga av mellomalderkunst i både Europa og Asia.[72]
Det meste av tida til sasanidane vart overskugga av dei romersk-persiske krigane, som raste langs vestgrensa av Anatolia, Vest-Kaukasus, Mesopotamia og Levanten, i over 700 år. Desse krigane sleit ut både romarane og sasanidane og førte til at begge vart slått under den muslimske invasjonen.
Gjennom periodane til akamenidane, partiane og sasanidane, oppstod det fleire utskot av iranske dynasti som slo seg ned i Anatolia og Kaukasus, inkludert Kongedømet Pontus, mihranidane, og arsakide-dynastia i Armenia, Iberia (Georgia) og Kaukasiske Albania (Aserbajdsjan og sørlege Dagestan).
I 750 kasta abbasidane omajdane, mellom anna med støtte frå «mawali» (konverterte iranarar).[84] Mawali utgjorde majoriteten av opprørshæren, som var leia av den konverterte, iranske generalen Abu Muslim.[85][86][87] Då abbaside-kalifane kom til makta gav det iransk kultur og makt ny giv, sidan rolla til det gamle arabiske aristokratiet delvis vart erstatta av eit muslimsk, iransk byråkrati.[88]
Etter to hundreår med arabisk styre oppstod sjølvstendige, somme berre delvis, iranske kongedøme - som tahiridane, saffaridane, samanidane og buyyidane — i utkanten av riket til dei falmande abbaisdane. I tida til samanidane på 800- og 900-talet var innsatsen til iranarane om å få attende sjølvstendet sitt blitt solid.[89]
Den blømande litteraturen, filosofien, medisinen og kunsten i Iran vart viktige element i den nye perioden for den iranske sivilisasjonen, i ei tid kjend som den islamske gullalderen.[93][94] Den islamske gullalderen nådde eit høgdepunkt på 900- og 1000-talet, då Iran var eit viktig vitskapleg senter.[95] Etter 900-talet vart persisk, i tillegg til arabisk, nytta for vitskaplege, medisinske, filosofiske, historiske og musikalske verk, og kjende iranske forfattarar - som Tusi, Avicenna, Qotb-od-Din Shirazi og Biruni — bidrog med viktige, vitskaplege verk.
Den kulturelle gjenopplivinga som byrja i abbasidetida førte til at den iranske nasjonalidentiteten oppstod på ny, og dermed klarte aldri arabiseringa å få eit fotfeste i Iran. Shuubiyya-rørsla vart ein pådrivar for iranarane for å vinne attende sjølvstendet sitt mot arabiske fiendar.[96] Den mest merkbare effekten av denne rørsla var at det persiske språket bestod, som ein kan sjå i verka til den episke poeten Ferdowsi, som i dag vert rekna som ein av dei vikigaste personane i iransk litteratur.
På 900-talet flytta store mengder tyrkiske folk frå Sentral-Asia til Det iranske platået.[97] Tyrkiske stammefolk vart først nytta i abbasidehæren som mamelukkar (slavekrigarar), og erstatta iranske og arabiske element i hæren.[85] På grunn av dette fekk mamelukkane ein del politisk makt. I 999 hamna store deler av Iran ei kort stund under styret til ghaznavidane, der herskarane kom frå tyrkiske mamelukkar, og sidan i lengre periodar under seldsjukkane og Khoresm-dynastiet. Desse dynastia hadde blitt persifisert, og hadde byrja å nytte persiske modellar for administrasjon og styre.[97] Seldsjukkane gav så opphavet til Sultanatet Rum i Anatolia, og tok den persiske identiteten sin med seg.[98][99] Resultat av at desse tyrkiske herskarane tok til seg iransk kultur førte til utviklinga av ein særeigen tyrkisk-persisk tradisjon.
Frå 1219 til 1221, under Khoresm-dynastiet vart Iran utsett for ein øydeleggjande invasjon av den mongolske armeen til Djengis Khan. I følgje Steven R. Ward «førte den mongolske valden og herjingane til at tre fjerdedelar av folkesetnaden på Det iranske platået vart drepen, kanskje så mange som 10 til 15 million menneske. Somme historikarar har estimert at folketalet i Iran aldri nådde dei før-mongolske nivåa før på midten av 1900-talet.»[100]
Etter at Mongolriket vart delt opp i 1256, grunnla Hulagu Khan, barnebarnet til Djengis Khan, Ilkhanatet i Iran. I 1370 følgde nok ein erobrar, Timur Lenk, dømet til Hulagu, og grunnla Timuridedynastiet som varte i ytterlegare 156 år. I 1387 gav Timur Lenk ordre om ein total massakre av Isfahan, og tok visstnok livet av 70 000 innbyggjarar.[101] Ilkhanane og timuridane byrja etter kort tid å adoptere levesettet til iranarane, og omgav seg med ein kultur som var særeigen iransk.[102]
Tidleg moderne tid
Innan 1500-talet hadde Ismail I av Ardabil skipa Safavidedynastiet med hovudstaden sin i Tabriz.[97] Han byrja med Aserbajdsjan og tok etter kvart makta over alle dei iranske territoria, og etablerte eit periodisk iransk hegemoni over dei store nærliggande regionane, og stadfesta den iranske identiteten i store deler av Stor-Iran.[103] Iran var hovudsakleg sunni,[104] men Ismail sett i gang ein tvungen konvertering til sjiaislam,[105] som spreidde seg gjennom safavide-territoria i Kaukasus, Iran, Anatolia og Mesopotamia. Resultatet vart at Iran i dag er den einaste offisielle sjia-nasjonen i verda, og sjiaislam er den absolutte majoriteten i Iran og Aserbajdsjan, og dei to landa har det høgaste og nest høgaste talet i verda på sjiainnbyggjarar i prosent av det samla folketalet.[106][107] Samstundes førte den fleire hundre år lange geopolitiske og ideologiske rivaliseringa mellom Safavide-Iran og naboen Det osmanske riket til ei rekkje osmansk persiske krigar.[100]
Safavidetida nådde toppen under Abbas I (1587–1629),[100][108] og vart mektigare enn dei tyrkiske erkerivalane og det leiande senteret for vitskap og kunst i det vestlege Eurasia. Safavidetida var starten på masseintegrasjon av kaukasiske folk inn i nye samfunnslag i Iran, i tillegg til at mange av dei flytta på seg innafor hjarteområda av Iran og spelte ei viktig rolle i iransk historie dei neste hundreåra. Etter ein gradvis nedgang seint på 1600-talet og tidleg på 1700-talet som kom av interne konfliktar, dei stadige krigane med osmanarane og utanlandsk innblanding (hovudsakleg frå russarane), vart safavidestyret enda av Pashtun-opprørarar som kringsette Isfahan og slo Sultan Husayn i 1722.
Pastun-inntrengjarane vart drivne bort og erobra i 1729 av Nader Shah, ein høvding og militærgeni frå Khorasan. Han tok så attende og annekterte dei kaukasiske områda som vart delte mellom osmanarane og russarane under det pågåande kaoset i Iran. Under regjeringstida til Nader Shah, nådde Iran den største utstrekkinga si sidan sasanidane, og gjenoppretta det iranske hegemoniet over heile Kaukasus, i tillegg til andre store delar av Vest- og Sentral-Asia, og hadde ei kort stund det som var det mektigaste imperiet på den tida.[16]
Nader Shah invaderte India og plyndra så langt borte som Delhi innan slutten av 1730-åra. Det gjekk nedover med dei utvida territoria hans og den militære suksessen etter det siste felttoget inn i Nord-Kaukasus mot dei opprørske lezginane. Drapet på Nader Shah førte til ein kort borgarkrig som enda med at Karim Khan frå Zand-dynastiet kom til makta i 1750 og ei relativt roleg og velståande tid.[100]
Samanlikna med dei føregåande dynastia, var den geopolitiske makta til Zand-dynastiet heller smålåten. Mange av dei iranske territoria i Kaukasus vart i røynda sjølvstendige, og vart lokalt styrte av forskjellige kaukasiske khanatar. Men trass i at dei styrte seg sjølv, vart alle verande undersåttar og vasallar til Zand-kongen.[109] Khanata utøvde kontroll over sakene sine via internasjonale handelsruter mellom Sentral-Asia og Vesten.[110]
Dei russisk-iranske krigane i 1804–1813 og 1826–1828 førte til at Iran tapte store territorium for godt i Kaukasus, med heile Transkaukasia og Dagestan, som var ein del av sjølve konseptet Iran i fleire hundreår,[17] og gav Det russiske imperiet ein stor vinst.
Som følgje av dei russisk-iranske krigane på 1800-talet, tok russarane over Kaukasus, og Iran mista kontroll over dei integrerte territoria sine i regionen (som bestod av dagens Dagestan, Georgia, Armenia og Aserbajdsjan). Dette vart stadfesta av Gulistan- og Turkmentsjaj-avtalane.[18][111] Området nord for Araselva, som omfattar dagens Aserbajdsjan, det austlege Georgia, Dagestan og Armenia, var iranske territorium fram til dei vart okkuperte av Russland i løpet av 1800-talet.[18][112][113][114][115][116][117]
Då Iran krympa flytta mange muslimar i Transkaukasus og Nord-Kaukasus mot Iran,[118][119] særskild etter Det tsjerkessiske folkemordet,[119] og tiåra etterpå, medan iranske armenarar vart oppfordra til å busetje seg i dei nyinnlemma russiske territoria,[120][121][122] som førte til store demografiske endringar.
Kring 1,5 millionar menneske, eller 20 til 25 % av folkesetnaden i Iran, døydde som følgje av den store hungersnauda 1870–1871.[123]
Mellom 1872 og 1905 var det ei rekkje demonstrasjonar etter sal av konsesjonar til utlendingar av Qajar-monarkane Naser-ed-Din og Mozaffar-ed-Din, og førte til den konstitusjonelle revolusjonen i 1905. Den første iranske grunnlova og det første nasjonale parlamentet i Iran vart skipa i 1906 under den pågåande revolusjonen. Grunnlova anerkjende offisielt tre religiøse minoritetar i Iran, nemleg kristne, jødar og parsistar,[124] som har vore eit grunnlag i lovgjevinga i Iran sidan den gongen. Kampane knytte til grunnlovsrørsla vart etterfølgd av triumfen i Teheran i 1909, då Mohammad Ali Shah vart slått og tvungen til å abdisere. Under påskot om å gjenopprette orden, okkuperte russarane Nord-Iran frå 1911 og dei neste åra. Men dette sette ikkje ein stoppar for dei sivile opprøra, og vart snart følgd av Jungel-rørsla til Mirza Kuchik Khan mot både Qajar-monarkiet og utanlandske inntrengjarar.
Utanom regjeringstida til Agha Mohammad Khan, var Qajar-styret prega av eit hundreår med vanstyre.[97]Den persiske kosakk-brigaden, som var den mest effektive militærstyrken krona hadde tilgjengeleg, byrja eit militært statskupp støtta av britane i februar 1921. Qajar-dynastiet vart så styrta og Reza Khan, den tidlegare generalen i Kosakk-brigaden, vart den nye statsministeren i Iran. Han vart til slurt erklært den nye monarken i 1925, då kalla Reza Shah, og grunnla slik Pahlavi-dynastiet.
Under Teheran-konferansen i 1943 gav dei tre store allierte — Josef Stalin, Franklin D. Roosevelt og Winston Churchill — ut ei erklæring som garanterte for sjølvstende og grensen til Iran etter krigen. Men då krigen var over, vart dei sovjetiske troppane verande i Iran og lokale pro-sovjetiske grupper oppretta to marionettstatar i det nordvestlege Iran, nemleg Det aserbajdsjanske folkestyret og Republikken Mahabad. Med lovnad om oljekonsesjonar, trekte sovjetarane seg attende frå sjølve Iran i mai 1946. Dei to marionettstatane vart etter kort tid styrta etter Irankrisa i 1946, og oljekonsesjonane vart trekt attende.[134]
Etter kuppet vart sjahen stadig meir autokratisk og sultanistisk, og Iran gjekk inn i ein fase med fleire tiår lange kontroversielle og nære samband med USA og somme andre utanlandske statsmakter.[136] Medan sjahen i aukande grad moderniserte Iran og hevda å halde det som ein heilt sekulær stat,[19] vart det nytta vilkårlege arrestasjonar og tortur av det løynde politiet hans SAVAK til å knuse alle former for politisk opposisjon.
Ruhollah Khomeini, en radikal muslimsk geistleg, vart ein aktiv kritikar av dei mange reformene til sjahen kjend som den kvite revolusjonen. Khomeini fordømte offentleg regjeringa, og vart arrestert og fengsla i 18 månader. Etter lauslatinga i 1964 nekta han å beklage, og vart til slutt sendt i eksil.
På grunn av auke i oljeprisen i 1973 vart økonomien i Iran fløymd over med utanlandsk valuta, noko som skapte inflasjon. I 1974 opplevde den iranske økonomien tosifra inflasjon, og trass i dei mange store prosjekta for å modernisere landet, var korrupsjonen ofseleg og skapte store mengder avfall. I 1975 og 1976 førte ein økonomisk resesjon til auka arbeidsløyse, særleg blant millionar ungdomar som hadde migrert til byane i Iran på jakt etter byggearbeid i boom-tida på byrjinga av 1970-talet. På slutten av 1970-åra motarbeidde mange av desse menneska sjahregimet og byrja å organisere og delta i demonstrasjonar mot det.[137]
Den iranske revolusjonen, seinare kjend som den islamske revolusjonen,[138][139][140] byrja i januar 1978 med dei første store demonstrasjonane mot sjahen.[141] Etter eit år med streik og demonstrasjonar som lamma landet og økonomien, flykta Mohammad Reza Pahlavi landet og Ruhollah Khomeini kom attende frå eksil til Teheran i februar 1979 for å danne ei ny regjering.[142] Etter ei folkeavstemming vart Iran offisielt ein islamsk republikk i april 1979.[143] Ei ny folkeavstemming i desember 1979 godkjende ei teokratisk grunnlov.[144]
Like etter byrja dei landsomfattande opprøra mot den nye regjeringa med det kurdiske opprøret i 1979 og Khuzestan-opprøra, i lag med opprør i Sistan og Balutsjistan og andre område. Over dei neste åra vart desse opprøra slått ned med vald av den nye islamske regjeringa. Den nye regjeringa byrja å fjerne den ikkje-islamistiske politiske opposisjonen, i tillegg til islamistane som ikkje vart vurderte som radikale nok. Sjølv om både nasjonalistar og marxistar i starten hadde gått saman med islamistane å styrte sjahen, vart titusenvis av dei avretta av det nye regimet like etter.[145]
4. november 1979 la ei gruppe muslimske studentar beslag på den amerikanske ambassaden og tok 52 av tilsette og borgarar ved ambassaden som gislar,[146] etter at USA nekta å returnere Mohammad Reza Pahlavi til Iran for å møte i retten for det nye regimet med fare for å bli avretta. Jimmy Carter-administrasjonen prøvde å forhandle om å få gislane fri, og eit mislykka forsøk på å redde dei var med på tvinge Carter frå jobben og førte Ronald Reagan til makta. På den siste dagen til Jimmy Carter som president, vart gisla til slutt sett fri som følgje av Alger-avtalen.
Den iranske kulturrevolusjonen byrja i 1980, først ved at universiteta vart lagt ned i tre år for å utføre ein inspeksjon og rydde opp i kulturpolitikken i utdanningssystemet.[147]
22. september 1980 invaderte den irakiske hæren den vestiranske provinsen Khuzestan og utløyste den iransk-irakiske krigen. Sjølv om styrkane til Saddam Hussein gjorde fleire tidlege framskritt, hadde iranske styrkar innan sommaren 1982 klart å drive den irakiske hæren attende og inn i Irak. I juli 1982 med Irak på defensiven, tok det iranske regimet ei avgjersle om å invadere Irak og gjennomførte mange offensivar i eit forsøk på å erobre irakisk territorium og byar, som Basra. Krigen held fram til 1988, då den irakiske hæren slo iranske styrkar inne i Irak og dreiv dei attverande iranske troppane attende over grensa. Khomeini aksepterte så ein våpenkvile mekla fram av Dei sameinte nasjonane. Det samla iranske tapet i krigen er estimert til ein stad mellom 123 220 og 160 000 drepne i kamphandlingar, 60 711 sakna og 11 000–16 000 sivile drepne.[148][149]
I 1989, etter den iransk-irakiske krigen, konsentrerte Akbar Hashemi Rafsanjani og administrasjonen hans seg om ein pragmatisk pro-næringspolitikk for å gjenoppbygge og styrke økonomien uten å gjere nokre dramatisk brot med ideologien til revolusjonen. I 1997 vart Rafsanjani etterfølgd av den moderate reformistenMohammad Khatami, og regjeringa hans prøvde utan hell å gjere landet meir fritt og demokratisk.[150]
Presidentvalet 2005 førte den konservative populistiske kandidaten Mahmoud Ahmadinejad til makta.[151] Etter presidentvalet i 2009 kunngjorde innanriksdepartementet at den sitjande presidenten Ahmadinejad hadde vunne 62,63 % av stemmene, medan Mir-Hossein Mousavi hadde fått 33,75 %.[152][153] Valresultaet vart rekna som særs omstridd,[154][155] og førte til omfattande demonstrasjonar både i Iran og i store byar utafor landet,[156][157] og skapte den iranske grøne rørsla.
Iran består av Det iranske platået med unntak av kysten langs Kaspihavet og Khuzestan. Det er eit av dei mest fjelldominerte landa i verda og landskapet er dominert av kuperte fjellkjeder mellom forskjellige nedslagsfelt eller platå. Den folkerike vestlege delen av landet er det mest fjellendte, med fjellkjeder som Kaukasus, Zagros og Alborz, det sistnemnde med Damavand, som er det høgaste punktet i Iran med ei høgd på 5 610 moh. Dette er òg det høgaste fjellet i Eurasia vest for Hindu Kush.[162]
Den nordlege delen av Iran er dekt av frodig lågland med blandingsskog, nær sørkysten av Kaspihavet. den austlege delen består hovudsakleg av ørkenområde, som Kavirørkenen, som er den største i landet, og Lutørkenen, i tillegg til somme saltsjøar.
Dei einaste store slettene finst langs kysten av Kaspihavet og nordenden av Persiabukta, der landet grensar til munningen av Arvand. Mindre, ikkje-samanhengande sletter ligg langs resten av kysten av Persiabukta, Hormuzsundet og Omanbukta.
Med 11 av dei 13 klimasonene i verda, er klimaet i Iran variert,[163] og varierer frå tørt og halvtørt, til subtropisk langs kysten av Kaspihavet og dei nordlege skogane.[164] Lengst nord i landet (den kaspiske kystsletta) går temperaturane sjeldan under null grader og området er fuktig det meste av året. Sommartemperaturane her går sjeldan over 29 °C.[165][166] Årsnedmøren er 680 mm i den austlege delen av sletta og meir enn 1 700 mm i vest. Gary Lewis i Dei sameinte nasjonane har sagt at «Mangel på vatn er den største tryggleiksutfordringa i Iran i dag».[167]
I vest kan busetnadane i Zagros få lågare temperaturane, med strenge vintrar og dagleg temperaturar under null grader med kraftig snøfall. Dei austlege og sentrale områda er tørre med mindre enn 200 mm nedbør i året og enkelte ørkenar.[168] Den gjennomsnittlege sommartemperaturen går sjeldan over 38 °C.[165] Kystslettene ved Persiabukta og Omanbukta i Sør-Iran har milde vintrar og særs fuktige og varme somrar. Årsnedbøren her varierer frå 135 til 355 mm..[165]
Det kalde asiatiske høgtrykket bølgjer sør og nord i løpet av vinteren, og temperaturane kan bli både høgare enn 15 °C og lågare enn -20 °C. Lågtrykk kjem frå Middelhavet om lag ein gong eller to i veka frå januar til mars, og gjev litt regn eller snø. Det meste av landet har likevel mindre enn 250 mm nedbør i løpet av eit normalt år. Når dei nordlege områda møter vêrfrontar frå Asia kan kysten av Kaspihavet, og særleg dei vestlege områda, få mykje gråvêr. Enkelte område her har meir enn 100 nedbørsdagar og ein normal årsnedbør på meir enn 2000 mm.
Det indre platået, inkludert Teheran, har stort sett nordvestleg vind om sommaren og i forhold til høgd over havet er dette området eit av dei varmaste i verda. Fukta er som regel låg, bortsett frå kysten av Persiabukta, som har like høg fukt og temperatur som Kuwait og Qatar, og har eit subtropisk klima. Dei lågareliggjande områda mot sørvest, ved grensa til Irak, er endå varmare.
ein av dei mest kjende dyra i Iran er den sterkt utryddingstrua asiastiske geparden, som er blitt kraftig redusert etter den iranske revolusjonen.[171] Den persiske leoparden, som er den største leoparden i verda, er ein underart som hovudsakleg bur nord i Iran. Denne er òg utryddingstrua.[172] Iran mista alle dei asiatiske løvene sine og den no utrydda kaspiske tigeren tidleg på 1900-talet.[173]
Minst 74 artar i iransk dyreliv er raudlista og eit teikn på ein alvorleg trugsel mot det biologiske mangfaldet i landet. Dei iranske styresmaktene har vist manglande respekt for dyreliv ved å vedta lover og reguleringar som let Industri- og gruvedepartementet utnytte gruver utan å involvere miljødepartementet, og ved å godkjenne store, nasjonale utviklingsprosjekt utan å krevje undersøkingar av korleis det påverkar dyrelivet.[174]
Iran er delt inn i fem regionar med 31 provinsar (ostān),[175] som kvar vert styrt av ein utpeikt guvernør (ostāndār). Provinsane er delte inn i fylke (šahrestān) og vidare delt inn i distrikt (baxš) og underdistrikt (dehestān).
Landet har ein av dei høgaste byvekstratane i verda. Frå 1950 til 2002 auka den urbane delen av folkesetnaden frå 27 % til 60 %.[176] Dei sameinte nasjonane har estimert at innan 2030 bur 80 % av folkesetnaden i byar.[177] Dei fleste har busett seg i byane Teheran, Isfahan, Ahvaz og Qom.[178]
Teheran har kring 8,8 millionar innbyggjarar (folketeljing 2016) og er hovudstaden og den største byen i Iran. Han er òg det økonomiske og kulturelle senteret i landet og eit knutepunkt for kommunikasjon og samferdsle.
Den nest største byen i landet er Mashhad med kring 3,3 millionar innbyggjarar (2016) og hovudstad i provinsen Razavi-Khorasan. Imam Reza-heilagdomen ligg her og han er ein heilag by i sjiaislam. Kring 15 til 20 millionar pilegrimar vitjar heilagdomen kvart år.[179][180]
Isfahan har kring 2,2 millionar innbyggjarar (2016) og er den tredje største byen i Iran. Han er hovudstad i Isfahan-provinsen, og var òg den tredje hovudstaden til safavidane. Her finst det ei rekkje historiske stader, inkludert den kjende Shah-plassen, Siosepol, og kyrkjene i det armenske distriktet Ny-Julfa. Her ligg òg det sjuande største kjøpesenteret i verda, Isfahan City Center.
Den fjerde største byen i Iran er Karaj med 1,9 millionar innbyggjarar (2016). Han er hovudstaden i provinsen Alborz, og ligg 20 km vest for Teheran, ved foten av Alborzfjella. Det er ein stor industriby i Iran med mange fabrikkar som produserer sukker, teksti, wire og alkohol.
Med eit innbyggjartal på kring 1,7 millionar (2016) er Tabriz den femte største byen i Iran, men hadde vore den nest største fram til seint i 1960-åra. Han var den første hovudstaden til safavidane, og er no hovudstad i provinsen Aust-Aserbajdsjan. Han vert òg rekna som ein stor industriby.
Shiraz har 1,8 millionar innbyggjarar og er den sjette største byen i Iran. Han er hovudstaden i provinsen Fars, og var òg hovudstad i Iran under Zand-dynastiet. Han ligg nær ruinane av Persepolis og Pasargadae, to av dei fire hovudstadane i Akamenide-dynastiet.
Majoriteten av folkesetnad i Iran snakkar eit av dei iranske språka, men berre persisk er offisielt språk og dei fleste beherskar dette. Rundt 50 % av folkesetnaden har eit anna språk eller ein persisk dialekt som førstespråk. I 1981 vart det rekna at 60 % av folkesetnaden ikkje kunne lese og skrive.[181] Nemninga iransk brukast både om heile nasjonen og om dei språka som størstedelen av innbyggjarane snakkar.
Persisk (farsi) og kurdisk tilhøyrer den iranske greina av indoeuropeiske språk og er til ein viss grad innbyrdes forståelege. Det er store språkskilnader blant kurdarar og sørkurdisk er ikkje innbyrdes forståeleg med kurmanji. Balutsjarane sitt språk er iransk og nært nærskyldt med pashto. Dari er persisk slik det brukast i Afghanistan. Tadsjikisk er den varianten av persisk som vert brukt i Tadsjikistan. Persisk er det dominerande språket i den iranske språkgruppa som i alt omfattar 125 millionar menneske. Arabisk er eit semittisk språk og er ikkje relatert til persisk. Arabiske skriftteikn vart teke i bruk etter innføringa av islam på 700-talet og det persiske alfabetet er avleidd av arabisk.[182][183]Aserbajdsjansk (òg kalla azeri) er eit tyrkisk språk og tilhøyrer ikkje den indoeuropeiske språkfamilien. Dei tyrkiske språka er for ein stor del innbyrdes forståelege. Aserbajdsjansk vert tala av omkring 7 millionar i republikken Aserbajdsjan og 10-20 millionar i Iran. Det er ein viss dialektskilnad mellom aserbajdsjansk i dei to landa. I Iran vert skrive aserbajdsjansk med arabiske skriftteikn, medan republikken Aserbajdsjan har brukt latinske bokstavar sidan oppløysinga av Sovjetunionen i 1991. Iran er det landet med fleste aserbajdsjansk-talande. Provinsane Aust-Aserbajdsjan, Vest-Aserbajdsjan og Ardabil er hovudsakleg folkesett av etniske aserbajdsjanarar.[181][184] Etniske aserbajdsjanarar vert rekna som den største ikkje-persiske folkegruppa i Iran og dei tradisjonelle leveområda deira i Iran vert kalla Aserbajdsjan og sett frå republikken Aserbajdsjan kallast dei iranske området for Sør-Aserbajdsjan. Etniske aserbajdsjanarar i Iran har òg vore omtalt som tyrkarar eller som aserbajdsjanske tyrkarar. Under safavid-dynasitet var aserbajdsjansk utbreidd og vart brukt ved hoffet, i offisiell korrespondanse og i hæren, og dessutan litterært òg av forfattarar som elles brukte persisk.[185]
Mengda, prosent og definisjonar på dei ulike iranske folkegruppene er omstridd. Dei største etniske gruppene i Iran persarar (51 %), kurdarar (18 %), aserbajdsjanarar (16 %) , gilakar og mazandaranar (8 %), lurarar (6 %), arabarar (3 %), balutsjar (2 %), turkmenarar (2 %), qashqaiar (tyrkisktalande), armenarar, jødar, assyrarar og andre.[186][187] CIA factbook 2012 oppgjev 16 % aserbajdsjanarar og 10 % kurdarar. Den amerikanske forskaren Brenda Shaffer anslo i 2000 at 25-30 % av innbyggjarane er etniske aserbajdsjanarar. Shaffer viser til kartleggingar frå før Pahlavi-regimet der delen tyrkisk språklege i landet vart rekna å vere ein tredjedel.[181]
Nokre kjelder oppgjev 7 % kurdarar og 2 % lurarar.[188] Khomeini dreiv etter maktovertakinga i 1979 kampanje for å integrera kurdarane i den iranske staten. Kurdarane bur tradisjonelt i vest ved grensa mot Irak og Tyrkia (provinsane Vest-Aserbajdsjan, Kurdistan og Kermanshah), og er hovudsakleg sunnimuslimar med ein del sjiamuslimar i Kermanshah. I nordvest bur aserbajdsjanarar og kurdarar til dels i blanda byar og landsbyar. I Aust-Aserbajdsjan er dei fleste etniske aserbajdsjanarar som snakkar eit tyrkisk språk.[182][189] Arabarane bur tradisjonelt i Khuzestan og langs gulfen og er hovudsakleg sjiamuslimar. Persarane bur tradisjonelt på den sentrale høgsletta og er hovudsakleg sjiamuslimar. Gilakar og mazandaranar er hovudsakleg sjiamuslimar. Balutsjarane er hovudsakleg sunnimuslimar. Turkmenarane snakkar eit tyrkisk språk og er hovudsakleg sunnimuslimar. Språket til lurarane er nærskyldt med persisk og kurdisk, lurisk kan reknast som ein dialekt av persisk.[190] Landet har ein liten minoritet sigøynarar eller romani.[191] I Qazvin-provinsen lever nokon hundretusen av tat-folk som snakkar eit iransk språk nærskyldt med talysj (i provinsane Ardabil og Gilan) og mazandarani. Desse er delvis innbyrdes forståelege med persisk.[192][193]
Styresmaktene har ikkje gjennomført folketeljingar med sikte på å kartleggja dei etniske gruppene og mengd og delar er basert på anslag. Gruppering basert på språk kan vera vanskeleg på grunn av dialektskilnader innanfor persisk. Ein del etniske arabarar brukar persisk språk. Vanlegvis er språk og religion dei viktigaste skiljelinjene. Moderniseringa av landet har til dels medverka til å viska ut skiljet mellom nokre etniske grupper.[182][189] Det er stor utryggleik om mengda personar i kvar etnisk gruppe. Iranske styresmakter har ein tendens til å overdriva mengda etniske persarar (for å gje inntrykk av ein klår persisk majoritet) ved å gje lavt anslag på andre grupper, særleg aserbajdsjanarar. Aserbajdsjanske politiske grupper, særleg i nabolandet republikken Aserbajdsjan, har tendens til overdriva mengda aserbajdsjanarar for å gje inntrykk av ei større folkegruppe.[181]
Dei kulturelle og politiske rettane til minoritetane har vore avgrensa både under Pahlavi-dynastiet (1921-1979) og under islamske republikken (frå 1979). Under president Muhammed Khatami kom styresmaktene krav frå etniske grupper i møte. Etableringa av den sjølvstendige republikken Aserbajdsjan etter oppløysinga av Sovjetunionen styrkte identifiseringa til etniske aserbajdsjanarar med den etniske gruppa. Iranske styresmakter har frykta eit sterkt Aserbajdsjan og har difor støtta Armenia i konflikten om Nagorno-Karabakh.[181]
Genetiske undersøkingar av utval av personar frå dei ulike folkegruppene viser at folkegruppene i Iran er svært like genetisk. Analysane avdekte at iranarar har ein del genetiske likskapstrekk med grekarar, makedonarar og italienarar. Undersøkinga viste samstundes ein tydeleg genetisk avstand til andre asiatiske folkegrupper inkludert tyrkarar.[194]
Dei to største språka, persisk og aserbajdsjansk, er ikkje nærskyldt. Persisk er det største språket og er nærskyldt med kurdisk og nokre av dei mindre språka i Iran, og dessutan urdu som vert brukt blant anna i Pakistan og er nærskyldt med pashto[195][196] som vert brukt i Afghanistan, og ossetisk som vert brukt blant anna i Georgia.[197][198][199][200]
Busetjing
Busetjinga er svært ujamt fordelt. Ørkenane og dei massive fjella er svært tynt folkesett og til dels folketomme. Størst folketett er i Teheran med omland, i det nordvestlige hjørnet, langs grensa mot Irak og i Shiraz med omland. I det indre og nær grensa mot Pakistan og Afghanistan er det tynt folkesett og dels folketomt. Langs Zagros-fjella ligg ei rekkje gamle byar, særleg Isfahan, Hamadan og Shiraz. Tradisjonelt hadde iranske byar eit forskansa citadell, ein basar og eit herberge for karavanar. Personar av ulikt etnisk bakgrunn har budd i ulike bydelar. Dei større byane er til dels anlagt etter vestleg mønster.
Frå 1930 auka delen i byane av folkesetnaden frå 20 % til nær 50 % i 1976. Teheran er den suverene største byen med nær fem gonger så stor folkesetnad i byområdet som den nest største. Mashhad er nest største by. Andre store byar er Isfahan, Karaj, Shiraz og Tabriz.
Teheran med omland har 18 % av folkesetnaden i landet, 30 % av industrisysselsetjinga, 30 % av engros- og detaljhandelen, 44 % av finansbransjen og 50 % av alle statstenestemenn. Folkesetnadstettleiken i Teheran-provinsen er på over 500 innbyggjarar/km2. Teheran med omland har vakse frå rundt 1,5 millionar innbyggjarar i 1959 til over 12 millionar.[201][202]
Folkevekst
Innbyggjarstorleiken i Iran auka mykje i siste halvdel av 1900-talet, frå 17 millionar i 1950 til 66 millionar i 2000. Den naturlege folkeveksten har vore uvanleg stor med til dømes 3,7 % i 1985-1990 og skuldast høge fødselstal og låg dødelegheit. Dette har gjeve landet ein ung folkesetnad, i 1986 var 45 % av innbyggjarane under 15 år. Den kraftige veksten minka frå 1990-åra av.
Folkeveksten nådde eit høgdepunkt i 1986 då han var på heile 3,4 %, men etter det har den falle dramatisk. I 2001 var den årlege veksten på berre 1,2 % og i 2008 var den sokke til 0,8 %. Barn per kvinne sokk i perioden 1986 til 2001 frå 7 til under 3, og i 2008 var den ifølgje CIA World Factbook sokke til 1,7 bpk (lågare enn til dømes Noreg, Danmark, Australia og USA).[203]
Det store fallet heng saman med fleire familieplanleggingsprogram frå slutten av 1980-talet, som har fått sterk støtte frå dei religiøse leiarane. Kvinner vart blant anna oppfordra til å venta tre år mellom kvar fødsel og å føda maksimalt tre barn. I 1993 vedtok regjeringa å trekkja delar av den økonomiske støtta frå ektepar som fekk meir enn tre barn. Folkesetnaden har òg sidan 1990-talet hatt forholdsvis god tilgjenge på prevensjon, og både menn og kvinner må gjennomgå kurs /rettleiing om prevensjon før dei får løyve til å gifta seg. Ein kraftig nedgang i analfabetismen er òg ei medverkande årsak. Frå 1970 og til 2000 auka mengda lesekunnige menn frå 48 % til 84 % og kvinner frå 25 % til 70 %.[204]
Utviklinga i folketalet frå år 1880 og fram til år 2050
tal frå og med 2020 er basert på prognosar frå SN (medium variant).[207]
Religion
Den persiske religionen var tradisjonelt zoroastrisk fram til 800-talet, då arabarane innførte islam, som sidan då vart den styrande religionen. Ein del zoroastriske prestar (magar eller magis) flykta frå den islamske ekspansjonen til India. Desse vert kalla parsar og lever eit isolert liv i ein del av Bombay.
Dei fleste iranarane er i dag muslimar og 89-90 % tilhøyrer den sjiaislamske greina av islam, den offisielle statsreligionen. Rundt 8 % høyrer til den sunniislamske greina, som dominerer elles i den muslimske verda, det er særleg kurdarar, etniske arabarar og etniske turkmenarar som er sunnimuslimar. Ikkje-muslimske religiøse minoritetar i Iran inkluderer bahai, zoroastrisme, jødedom og armenske kristne. Kristendom, jødedom og zoroastrismen er offisielt anerkjent som minoritetsreligionar og har reserverte seter i parlamentet. I 1980 var det rundt 40.000 medlemmar av zoroastrismen. Bahai er ein ikkje godkjend minoritetsreligion, vert motarbeidd av styresmaktene og har vorte forfølgt i nokre periodar. I 1981 var det rundt 80.000 bahaiar, 90.000 jødar, 280.000 armenarar og 45.000 i andre kristne retningar.
Mashhad, med grava til den åttande imam, mottek ei stort mengd pilegrimar kvart år. Fātimah bint Mūsā' al-Kādhim si grav i Qom vert rekna som ein av heilagste stadane i sjiaislam. Qom er òg eitn viktig teologisk lærestad.
semnani, persarar, gilaki, lurarar, kurdarar, aserbajdsjanarar (Semnan er kjent i Iran under kallenavnet Jazireye aghvam, eller øya til stammane) på grunn av dens sterke uensarthet i eit tett område)
Iran er ein konstitusjonell islamsk republikk, som har eit politisk system som har grunnlaget sitt i grunnlova av 1979 kalla Qanun e Asasi. Iran har fleire intrikat samanknytte styringsorgan – nokre er demokratisk valde og nokre vert valde på grunnlag av den religiøse ekspertisen sin. Det iranske styresettet er ein kombinasjon av demokrati og teokrati. Den øvste leiaren i landet er overordna og Ali Khamenei har hatt dette embetet etter Khomeini døydde i 1989.[221] Autoriteten til den øvste leiar byggjer på ideen om velayat-e faqih. Historisk var velayat-e faqih eit upolitisk omgrep i sjislam og handla berre om den religiøse rettleiinga til presteskapet av folket og dessutan ein viss formyndarskap over foreldrelause barn og sjuke. Khomeini omtolka dette tradisjonelle synet til at heile staten skulle styrast av presteskapet. Høgresida i iransk politikk følgjer Khomeini og ser på styresmakta til den øvste leiaren som absolutt og avleidd av guddommeleg vilje. Den demokratiske venstrefløya meiner styresmakta til den øvste leiaren òg må basera seg på tilsluttinga til folket.[222] Ifølgje ideane frå revolusjonen skal den øvste leiaren vera staten sin rettleiar i påvente av tilbakekomsten til den tolvte imamen. Vakterrådet avgjer av lover vedteke av parlamentet er i tråd med islam og kan godkjennast. Den øvste leiaren utnemner dei høgaste dommarane, godkjenner valet av president og kan med samtykket til høgsterett avsetja presidenten. Den øvste leiaren er statsoverhovud medan presidenten leier den utøvande makta.
Øvste leiar er ein rahbar som er ansvarleg for iransk politikk. Han har kontrollen over etterretning og tryggleik og er øvste leiar for militæret. Han åleine kan erklæra krig. Presidenten (Ra'is-e Jomhour) har utøvande makt, men må rådføra seg med rahbaren når saker går inn på hans ansvarsområde. Presidenten vert vald ved absolutt fleirtal for fire år og set saman regjeringa si. Presidenten kan veljast att ein gong. Saman med dei åtte visepresidentane sine og 21 ministrar legg han fram politikken sin til godkjenning av parlamentet (Majlis). Parlamentet består av 290 medlemmar i eitt kammar. Parlamentet har sidan revolusjonen vore dominert av det regimebærende partiet. Samlinga av ekspertar er ei gruppe på 86 «friske og lærde» som møtest ein gong i året og godkjenner handlingane til rahbaren. Enno har ikkje rahbaren fått handlingane sine godkjent. Det er òg ekspertane som vel ein rahbar frå sine eigne rekkjer. Vakterrådet består av tolv juristar, der seks vert utnemnt av rahbaren, som skal godkjenne alle presidenkandidatar og kandidatar til parlamentet.
Kvinner fekk røysterett i 1963.
Amnesty International rapporterte i 2003 om angrep på ytringsfridomen gjennom arrestasjonar av studentar, akademikarar og journalistar. Årsrapporten fortel òg om bruk av tortur og avrettingar av politiske fangar. Minst 113 menneske, blant dei seks kvinner, vart avretta i 2003. Mange av avrettingane føregjekk offentleg. Nobels fredspris 2003 vart gjeven til den iranske advokaten Shirin Ebadi for innsatsen hennar for demokrati og menneskerettar. Ebadi var den første kvinnelege domaren i Iran, men måtte gå av etter den islamske revolusjonen i 1979 då Ayatollah Khomeini tok makta.
Rettsvesen
Rettspleien er basert på islamsk rett. Høgsterett er den øvste domstolen i landet. I det store verket om islamsk styresett (skriven før revolusjonen) kritiserte Khomeini at det iranske rettsvesenet og lovane var basert på europeiske. Han hevda at det belgiske og franske opphavet til lovverket i landet under sjahen var anti-islamsk. Etter forfatningsrevolusjonen i 1906 utvikla Iran eit kodifisert lovsystem etter fransk mønster. Rettspleien var tilpassa iranske tradisjonar med sterkt religiøst innslag og det vart gjort eit skilje mellom sivile/sekulære lover (urf) og islamsk lov (sharia). Islamsk lov og domstolar gjaldt særleg familiesaker som ekteskap og skilsmisse. Med sjahen sitt moderniseringsprogram frå 1925 der religionen og presteskapet fekk mindre innverknad og rettsvesenet vart sentralisert.[223]
Internasjonale relasjonar
Iran har ikkje hatt diplomatiske relasjonar med USA sidan 1979-1980 og gisselaksjonen i den amerikanske ambassaden i Teheran. I samband med forhandlingar om det kjernefysiske programmet til Iran hadde president Hassan Rouhani i 2013 personleg samtale med president Obama. I 2018 trekte president Donald Trump USA frå avtala. Tidleg i 2020 vart general Qasem Soleimani drepen i eit amerikanske droneangrep i Irak og Iran trekte seg frå avtala inngått i 2015.[224][225] Iran har ikkje diplomatiske relasjonar med Saudi Arabia. Etter at Saudi Arabia avretta sjialederen Nimr Baqr al-Nimr og ambassaden i landet i Teheran vart angripe braut Saudi Arabia dei diplomatiske sambanda. Dei to landa rivaliserer om dominans i regionen.[226][227][228][229] Iran anerkjende Israel i 1960 noko som førte til negative reaksjonar i dei arabiske landa og eigne innbyggjarar i Iran.
Noreg og Iran oppretta diplomatiske samband i 1908 og ambassadar i 1963. Det oppstod ei krise i attentatet mot William Nygaard i 1993 og landa kalla heim ambassadørane sine. Handelen mellom Noreg og Iran var i 2013 på rundt 40 millionar kroner. Noreg slutta seg i 2012 til EU sin sanksjonspolitikk overfor Iran. I 2017 var Noregs eksport til Iran på 150 millionar kroner og importen hadde ein verdi på rundt 50 millionar kroner.[230][231]
Økonomi og næringsliv
Den iranske økonomien er ei blanding av store, statseigde føretak og oljeindustrien med sentral planlegging, landbruk er kollektivt styrt av landsbyar og små privateigde handels- og serviceselskap. Regjeringa har valt å forfølgje reformer og har signalisert at dei vil prøva å gjera iransk økonomi mindre avhengig av oljeinntekter. Iran investerer inntektene frå oljeeksporten i andre sektorar, inkludert i den petrokjemiske industrien. Den iranske regjeringa håpar òg å tiltrekkja seg milliardar av dollar i utanlandske investeringar ved å skapa eit meir attraktivt investeringsklima (inkludert ved lettelser importkontroll og etablering av frihandelssoner).
Bortsett frå tradisjonell tekstilproduksjon er industrien hovudsakleg bygt ut etter 1954. Ein stor del av økonomien er statsstyrt og 30 % av utgiftene til staten går gjennom religiøse stiftingar.
Tenestesektoren har dei siste åra stådd bak den største delen av veksten av bruttonasjonalprudktet til Iran. Offentlege investeringar har gjeve eit løft til landbruket og liberalisering av produksjon og regler om reklame har bidrege til å skape nye marknader.
Store vatningsprosjekt, saman med auka produksjon av landbruksprodukt for eksport, til dømes dadlar, blomar og pistasjenøtter har vore årsaka til den raskaste økonomiske veksten i nokon økonomisk sektor i Iran på 1990-talet, sjølv om dei påfølgjande åra med tørke i 1999, 2000 og 2001 skapte problem. Landbruk står er enno for ein stor del av sysselsetjinga med 25 % av den yrkesaktive folkesetnaden (i 1991).
Olje og naturgass
Iransk økonomi er oljedominert og har bidrege vesentleg til velstandsauken i landet. Eksporten i landet består av 80-90 % olje (95 % i 1989) og utgjorde i 1989 80 % av inntektene til staten. Khuzestan har størstedelen av oljefelta og olje vert ført i røyrledning til utskipingshamnene. Kharg-terminalen handterer størsteparten av eksporten. Det er òg oljeproduksjon til havs i Persiabukta. Gassfelt finst i Khuzestan og Khorasan. Iran er den nest største oljeprodusent til OPEC og rår over verdas tredje største påviste oljereservar (19 %). Landet har den nest største naturgassreserven i verda (etter Russland). Den sterke oljemarknaden i 1996 letta det finansielle pressa på Iran og gjorde at landet kunne betale avdrag på utanlandsgjelda si. Den økonomiske situasjonen i Iran vart vanskelegare i 1997 på grunn av lågare oljepris, og prisane steig igjen 1999-2000. Underskot på statsbudsjettet har vore eit vedvarande problem, delvis på grunn av store statlege subsidiar til blant anna matvarer og drivstoff. Oljereservane og den geografiske plasseringa ved Persiabukta har gjeve Iran ein sentral politisk og økonomisk plass. USA har vore avhengig av olje frå Midtausten, og Iran har fleire gonger stengt utløpet av Persiabukta, slik at òg Saudi-Arabia og Irak har vorte ramma av oljeblokade.
Andre naturressursar
Iran har førekomstar av kopar, arsen, krom, nikkel og gull. Ved Kerman er det jernmalm og kol som har gjeve grunnlag for anlegg av stålverk. Av arealet i landet brukast 8 % til jordbruk og omkring 40 % av dette har kunstig vanting, til dels med vatn frå underjordiske kanalar, kalla qanat eller kārīz på persisk, ved at vatn vert leia bort frå elvene. Moderne vatning er til dels basert på store dammar i elvene Dez og Karaj. Kveite, bygg og ris er dei viktigaste landbruksprodukta. Produksjonen av bomull, ris, oljefrø, nøtter og tørka frukt har til dels vore så stor at ein del av har gått til eksport. Nomadiske stammefolk står tradisjonelt for ein stor del av sauehaldet i landet. Omtrent ¼ av landearealet vert brukt til beiting.
Nøkkeltal
Økonomiske nøkkeltal
Verdi
% av BNP
År, kjelde
BNP (Verdsbanken)
222,9 mrd US$
2006, Verdsbanken
BNP (vekst) (Verdsbanken)
5,94 %
2005, UNDP
Industriproduksjon
1,4 %
2006, UN Statistics (unstats.un.org)
Konsumprisar 2004
11,0 %
2004, UNDP
Konsumprisar 2006
19,7 %
2006, UN Statistics (unstats.un.org)
Arbeidsløyse
12,0 %
2003, UN Statistics (unstats.un.org)
Handelsbalanse 2000
12,22 mrd US$
2000, UNDP
Handelsbalanse 2006
26,19 mrd US$
11,6 %
2006, UN Statistics (unstats.un.org)
Betalingsbalanse
-10,19 mrd US$
2000, UNDP
Utviklingshjelp
0,10 mrd US$
2005, UNDP
BNP per innb
3.117 US$
2005, UNDP
Økonomisk verksemd med norske interesser
Utanlandske og mellom dei norske selskap har vist interesse for å delta i oljeverksemda til Iran. Equinor har investert fleire milliardar kroner i Iran. GGS har einerett på seismikk i Persiabukta og tilbyr data frå størstedelen av området til oljeselskap.
Samferdsel
Storleiken og topografien i landet gjer transport mellom landsdelane utfordrande. Sentralt innanlands er hovedvegane Abadan-Teheran-Bazargan. Jarnbane knyter Teheran med hamnebyane i nord og sør. Ei jarnbanelinje til Tyrkia vart opna i 1971. I 2014 opna ei jarnbanelinje mellom Kasakhstan og Iran gjennom Turkmenistan, slik at Iran for første gong fekk samanhengande jarnbanesamband med Kina.[232] Viktige hamnebyar er Khorramshahr, Bandar Abbas, Bushire og Bandar-e Shapur. Kharg er den viktigaste oljeterminalen. Olja vert ført i røyrledninger frå oljefelta litt inne i landet til terminalane ved Gulfen. Byane ligg spreitt og store delar av landet er svært tynt folkesett. Jarnbana har stått for ein stor del av passasjertrafikken på lange strekningar, medan lokaltrafikk og gods vert transportert på veg. Den lengste elva i landet, Karun, er den einaste som er seglbar. På Urmiasjøen og Kaspihavet er det båttrafikk. Den grunne Urmiasjøen kryssast av <a href="./Bru" rel="mw:WikiLink" data-linkid="undefined" data-cx="{"userAdded":true,"adapted":true}">bru</a> opna i 2008.[233] Etter at linja frå Kerman via Bam til Zahedan vart fullført i 2008 er jernbanenettet i Iran forbunde med Pakistan ved Zahedan i Sistan og Balutsjistan og det er samanhengande jarnbane frå Bangladesh til Istanbul via Teheran. Dette er tenkt som den sørlege korridoren i «Trans-Asian Railway» mellom Singapore og Istanbul opphavleg foreslegen i 1967. Iran har normalspor, medan Pakistan har breispor og det er skifte av sporvidde i Zahedan. Iran anlegg (per 2018) jarnbanelinje over grensa til Afghanistan.[234][235][236]
I 1989 var jernbanenettet på 4600 km kor 150 km med elektrisk drift. Det var i 1989 153.000 km offentleg veg kor 34 % hadde fast dekke. Dei viktigaste hovudvegen er den transiranske vegen mellom Abadan og Teheran, vegen Bazaragan-Teheran-Afghanistan.
Kultur
Som alle antikke sivilisasjoner er kulturen samlingspunkt og hjarte av den iranske sivilisasjonen. Kunsten, musikken, arkitekturen, diktinga, filosofien, tradisjonane og ideologien til dette landet er det som gjør iranaren til ein stolt verdsborgar. Iranarar trur at kulturen deira er den einaste grunnen til at sivilisasjonen deira har overlevd kontinuerleg gjennom tusenvis av år trass i mange katastrofar.
Radio og fjernsyn sender på farsi og fleire andre språk. Iran har offisiell pressefridom, men presse og kringkasting er strengt sensurert.
Litteratur og kunst
Mal:Se ogsåLitteraturen har ein viktig posisjon i iransk kultur og landet er kjent meir enn noko for den klassiske diktinga si. Litteraturen går attende til forntida. Det eldste verket er Gatha-songane i den heilage boka til zoroastrismen, Avesta. Den greske historikaren Ktesias fortel at persarane under akemenidane hadde ein episk litteratur som vart framført munnleg. Frå parthisk og sassanidisk tid finst den eldste skjønnlitteraturen verna og òg ein rik religiøs, zoroastrisk litteratur. Songaren og musikaren Barbad høyrde til dei fremste poetane ved det sassanidiske hoffet. Han skreiv lyrikk (tarâne) som vart framført akkompagnert av musikk. Eit viktig verk innan den persiske folkelitteraturen som har oppnådd popularitet i vesten er Tusen og ei natt (Hazâr afsâne) som vart fortalt av sassaniddronningen Sjeherasad til gemal hennar, kong Shahriyar.
Etter islam tredde inn i i Iran drøydde det to hundre år før litteratur igjen byrja å skrivast på persisk. Leiande namn i den persiske renessansen var poetar som Rudaki og Daqiqi.[237] Vitskapsmannen og diktaren Khayyam var til nyleg best kjent som ein matematikar i Iran og vart kjend i vest for sine firelinjarar på 1800-talet. Den største episke diktaren er Firdausi, som skreiv det persiske nasjonaleposetKongeboka (Shahnameh). Dette verket vert rekna som eit nasjonalklenodium i Iran og bidrog til å styrkja det persiske språket i kampen mot arabisk som var offisielt språk i det muslimske kalifatet. Ferdousi la grunnlaget for ein persisk litterær renessanse og takka vera han vart mykje av den iranske mytologien, historiske forteljingar og kulturelle tradisjonar frå oldtida verna.
Poetane Sanai, Attar, Araqi og Rumi skreiv for det meste sufisk litteratur. Den mest elska av alle dei persiske poetane er Hafez som levde stort sett heile livet sitt i Shiraz. Han syng om vinen, den elska venen og hagen. Hans Lyrikksamling (Divan) verta enno i dag brukt av persisktalende som eit bokorakel.[238]
Blant dei fremste klassiske prosaforfattarane er Nizami Aruzi, Ali Hujwiri og Nizam al-Mulk. Nizami Aruzi-verket Fire skrift (Chahâr maqâle) om dei fire kongelege embeta og utøvarane deira (skrivaren, poeten, astrologen og legen) er omsett til norsk.
Blant dei mest populære moderne forfattarane finn vi modernistane Sadeq Hedayat og Forugh Farrokhzad. Den persiske litteraturen har hatt noko innverknad på europeisk litteratur etter renessansen. Goethe vart til dømes inspirert av Hafez i sin poesi og den persiske innverknaden nådde sit høgdepunkt under romantikken. I dag har interessa igjen auka for den persiske litteraturen og det rike uttrykket.
Mal:UtdypendeDen viktigaste høytiden i det iranske året er nyttårsdagen Nouruz (nou tyder ny på persisk og ruz tyder dag). Den er opphavleg ei zoroastrisk høgtid som vert feira på vårjamdøgn.
Til nouruz dekker ein på eit nyårsbord, ein såkalt Haftsin (haft tyder sju på persisk, og sin tilsvarer bokstaven s). Der inngår sju ingrediensar som alle byrjar på s på persisk, og er til for å feira den zoroastriske guden Ahura Mazdas sjufoldige identitet:
Samanu (søt pudding), representerer det søte i livet.
Sekeh (mynt), representerer pengar, at familien skal ha bra inntekt.
Sonbol (hyasint), representerer våren, det er eit symbol for at våren har kome.
Sabzeh (spirar), representerer fødselen.
Natta før siste onsdag før nouruz feirast Chaharshanbe suri (Chaharshanbe suri tyder raud onsdag på persisk). Då tennast bål og deltakarne hoppar over elden samstundes som dei seier Sorkhi to az ein, zardi ein az to, som fritt omsett tyder «Gje meg din varme og ta min bleikheit». Det mytologiske innhaldet i regla er at elden bøter sjukdomar. Ærbødigheita for lyset og elden spelar ei stor rolle i zoroastrismen.
Under nouruz finst òg ein tradisjon som heiter falgosh (fal tyder spå/føresjå og gosh tyder ører), som vert utøvt av barn og ungdomar. Dette går ut på at ein stiller seg på eit gatehjørne, eller bak ein mur, og spør seg stille eit spørsmål om framtida og ventar på den første forbipasserande som snakkar, og tolkar ut frå samtalen deira svaret på spørsmålet.
Bryting (fristil) har lenge vore den sterke sporten i Iran. Blant dei største namna i sporten på 1900-talet er Gholamreza Takhti (Jahân-pahlavân) og Mohammad Ali Fardin. I seinare tid har landet òg kunna visa til gode resultat i vektløfting. Hossein Rezazadeh, kjent som den sterkaste mannen i verda, var best i verda i tungvektsklassa i meir enn 6 år.
Irans herrelandslag i fotball har kvalifisert seg til VM 4 gonger (1978, 1998, 2006, 2014). Iran vann òg Asiamesterskapet tre gonger mellom 1968 og 1976, men har ikkje lukkast i å gjera dette igjen etter revolusjonen.
Iran har òg hatt stor framgang i kampsporten taekwondo, og har kome på førsteplass i tre OL på rad, og har òg tidlegare fått ei stort mengd medaljar. I andre kampportgreiner, som karate (shotokan-stilen), har den iranske utøvaren Farzad Forouzan no vunne fleire år på rad. Det er òg ein persisk stil innan kung fu som vert kalla Kung fu toa.
Samfunn
Per 2020, kunne ifølgje iransk løyve ei jente gifta seg etter at ho vart 13 år gammal, men den faktiske gjennomsnittsalderen var 23 år.[240]
Miljø
I 2013 var fire av dei ti meste forureina byane i verda i Iran, ifølgje SN. Ahvaz var på den tida den byen i verda med dårlegast luft. Krympande saltsjøer som Urmiasjøen kan forureina jordbruksland og busetjingar i området. I Iran er det utnytta ferskvatn maksimalt til landbruk og byar, opp til 92 % av det naturlege ferskvatnet i landet brukast i landbruket.[241][242] Anlegg som brua over Urmiasjøen har truleg forsterka tendensen til uttørking.[233]
↑A. Fishman, Joshua (2010). Handbook of Language and Ethnic Identity: Disciplinary and Regional Perspectives (Volume 1). Oxford University Press. s. 266. ISBN978-0195374926. «"“Iran” and “Persia” are synonymous" The former has always been used by the Iranian speaking peoples themselves, while the latter has served as the international name of the country in various languages»
↑ 11,011,1Stillman, Norman A. (1979). The Jews of Arab Lands. Jewish Publication Society. s. 22. ISBN0827611552.
↑ 12,012,1Jeffreys, Elizabeth; Haarer, Fiona K. (30 September 2006). Proceedings of the 21st International Congress of Byzantine Studies: London, 21–26 August, 2006, Volume 1. Ashgate Publishing. s. 29. ISBN075465740X. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
↑Persia, Encyclopædia Britannica, "The term Persia was used for centuries ... [because] use of the name was gradually extended by the ancient greeks and other peoples to apply to the whole Iranian plateau."
↑Frye, Richard Nelson (October 1962). «Reitzenstein and Qumrân Revisited by an Iranian». The Harvard Theological Review55 (4): 261–268. JSTOR1508723. doi:10.1017/S0017816000007926.
↑J. D. Vigne; J. Peters; D. Helmer (August 2002). First Steps of Animal Domestication, Proceedings of the 9th Conference of the International Council of Archaeozoology. Oxbow Books, Limited. ISBN978-1-84217-121-9.
↑"Emergence of Agriculture in the Foothills of the Zagrosfjella of Iran", by Simone Riehl, Mohsen Zeidi, Nicholas J. Conard – University of Tübingen, publication 10. mai 2013
↑Hole, Frank (20. juli 2004). «NEOLITHIC AGE IN IRAN». Encyclopedia Iranica. Encyclopaedia Iranica Foundation. Arkivert frå originalen 23. oktober 2012. Henta 9. august 2012.
↑Estimata varierer frå ti til åtti millionar. Prevas (2009, s. 14) estimerer 10 millionar. Strauss (2004, s. 37) estimerer kring 20 millionar. Ward (2009, s. 16) estimerer 20 millionar. Scheidel (2009, s. 99) estimerer 35 millionar. Daniel (2001, s. 41) estimerer 50 millionar. Meyer og Andreades (2004, s. 58) estimerer 50 millionar. Jones (2004, s. 8) estimerer over 50 millionar. Richard (2008, s. 34) estimerer nesten 70 millionar. Hanson (2001, s. 32) estimerer nesten 75 millionar. Cowley (1999 and 2001, s. 17) estimerer kanskje 80 millionar.
↑Jakobsson, Jens (2004). «Selevkideriket». Iran Chamber Society. Arkivert frå originalen 5. juni 2011. Henta 1. mars 2021.
↑Bury, J. B. (1958). History of the Later Roman Empire from the Death of Theodosius I. to the Death of Justinian, Part 1. Courier Corporation. s. 90–92.
↑Durant, Will (2011). The Age of Faith: The Story of Civilization. Simon & Schuster. «Repaying its debt, Sasanian art exported its forms and motives eastward into India, Turkestan, and China, westward into Syria, Asia Minor, Constantinople, the Balkans, Egypt, and Spain.»
↑George Liska (1998). Expanding Realism: The Historical Dimension of World Politics. Rowman & Littlefield Pub Incorporated. s. 170. ISBN978-0-8476-8680-3.
↑Spuler, Bertold (1960). The Muslim World. Vol. I The Age of the Caliphs. E.J. Brill. s. 29. ISBN0-685-23328-6.
↑Why is there such confusion about the origins of this important dynasty, which reasserted Iranian identity and established an independent Iranian state after eight and a half centuries of rule by foreign dynasties? RM Savory, Iran under the Safavids (Cambridge University Press, Cambridge, 1980), s. 3.
↑Mansoori, Firooz (2008). «17». Studies in History, Language and Culture of Aserbajdsjan (på persisk). Teheran: Hazar-e Kerman. s. 245. ISBN978-600-90271-1-8.
↑ 119,0119,1А. Г. Булатова. Лакцы (XIX — нач. XX вв.). Историко-этнографические очерки. — Махачкала, 2000.
↑«Griboedov not only extended protection to those Caucasian captives who sought to go home but actively promoted the return of even those who did not volunteer. Large numbers of Georgian and Armenian captives had lived in Iran since 1804 or as far back as 1795.» Fisher, William Bayne; Avery, Peter; Gershevitch, Ilya; Hambly, Gavin; Melville, Charles. The Cambridge History of Iran, Cambridge University Press – 1991. s. 339
↑Gingeras, Ryan (2016). Fall of the Sultanate: The Great War and the End of the The Ottoman Empire 1908–1922. Oxford University Press, Oxford. s. 166. ISBN978-0-19-166358-1. Henta 18. juni 2016. «By January, Ottoman regulars and cavalry detachments associated with the old Hamidiye had seized the towns of Urmia, Khoy, and Salmas. Demonstrations of resistance by local Christians, comprising Armenians, Nestorians, Old Assyrians, and Assyrians, led Ottoman forces to massacre civilians and torch villages throughout the border region of Iran.»
↑Danmark, Abraham M.; Tanner, Travis (2013). Strategic Asia 2013–14: Asia in the Second Nuclear Age. s. 229. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
↑ 181,0181,1181,2181,3181,4Shaffer, Brenda (2000). «The Formation of Azerbaijani Collective Identity in Iran». Nationalities Papers (på engelsk) 28: 449–477. ISSN0090-5992. doi:10.1080/713687484. Henta 29. juni 2020. «Iran is a multi-ethnic society in which approximately 50% of its citizens are of non-Persian origin, yet researchers commonly use the terms Persians and Iranians interchangeably, neglecting the supra-ethnic meaning of the term Iranian for many of the non-Persians in Iran. The largest minority ethnic group in Iran is the Azerbaijanis (comprising approximately a third of the population) and other major groups include the Kurds, Arabs, Baluchis and Turkmen. Iran's ethnic groups are particularly susceptible to external manipulation and considerably subject to influence from events taking place outside its borders, since most of the non-Persians are concentrated in the frontier areas and have ties to co-ethnics in adjoining states, such as Azerbaijan, Turkmenistan, Pakistan and Iraq.»
↑Katzner, K., & Miller, K. (2002). The languages of the world. Routledge.
↑Mokari, Payam Ghaffarvand; Werner, Stefan (2017). «Azerbaijani». Journal of the International Phonetic Association (på engelsk) 47: 207–212. ISSN0025-1003. doi:10.1017/S0025100317000184. Henta 29. juni 2020. «The Azerbaijani, Azerbaijanian or Azeri language belongs to the western group of the southwestern, or Oghuz, branch of the Turkic language family and is mainly spoken in Azerbaijan and Iran. Azerbaijani is the official language of the Republic of Azerbaijan and over 80% of its population use it as their first language (Johanson 2010). Among non-Persian languages in Iran, Azerbaijani, with approximately 15–20 million native speakers, has the largest number of speakers (Crystal 2010). In total, more than 50 million people speak Azerbaijani (Khalilzadeh 2013).»
↑Floor, Willem; Javadi, Hasan (1. juli 2013). «The Role of Azerbaijani Turkish in Safavid Iran». Iranian Studies46: 569–581. ISSN0021-0862. doi:10.1080/00210862.2013.784516. Henta 29. juni 2020. «Turkic languages and dialects played a much more important role in Safavid Iran than is generally thought, while Azerbaijani Turkish in particular was widely spoken and written in Safavid Iran. It was not only the language of the court and the army, but it was also used in poetry, even by renowned poets who usually wrote in Persian. The Safavid shahs, many of whom wrote poetry in Turkish themselves, promoted its literary use. Also, Turkish was used in the court's official correspondence, for both internal and external affairs.»
↑Windfuhr, G. (Ed.). (2009). The Iranian Languages. Psychology Press/Routledge.
↑Korangy, A., & Mahmoodi-Bakhtiari, B. (Eds.). (2019). Essays on Typology of Iranian Languages (Vol. 328). Walter de Gruyter.
↑Farjadian, Shirin; Ota, Massao; Inoko, Hidetoshi; Ghaderi, Abbas (2. november 2008). «The genetic relationship among Iranian ethnic groups: an anthropological view based on HLA class II gene polymorphism». Molecular Biology Reports (på engelsk) 36: 1943. ISSN1573-4978. doi:10.1007/s11033-008-9403-4. Henta 28. juni 2020. «Highly polymorphic human leukocyte antigen (HLA) genes are considered as useful markers by molecular anthropologists to determine genetic relationship among populations. This review summarizes the results of molecular analyses of HLA class II gene polymorphism in 816 DNA samples from 11 Iranian ethnic groups. The genetic relationship of Iranians to Asians and Europeans has also been reported here. The results of this study revealed a close genetic relationship among Iranian subpopulations which were well separated from other Asian and European populations, however, a genetic similarity was observed among Iranians, Macedonians, Greeks, and Italians.»
↑Heradstveit, Daniel (2000). «Iran – reformer eller kaos?». Internasjonal Politikk (på norsk) 58: 583–613. Arkivert frå originalen 23. juni 2020. Henta 22. juni 2020.
↑Nader, A., & Bohandy, S. R. (2011). The next supreme leader: succession in the Islamic Republic of Iran. Rand Corporation.
↑Entessar, N. (1988). Criminal law and the legal system in revolutionary Iran. Boston College Third World Law Journal, 8, 91.
↑«Saudi Arabia breaks off ties with Iran». BBC News (på engelsk). 4. januar 2016. «Saudi Arabia says it has broken off diplomatic ties with Iran, amid a row over the Saudi execution of a prominent Shia Muslim cleric. Saudi Foreign Minister Adel al-Jubeir was speaking after demonstrators had stormed the Saudi embassy in Tehran.»