Tumbleweed Connection er det tredje albumet til Elton John. Albumet vart gjeve ut i 1970 og var produsert av Gus Dudgeon. Det er eit konseptalbum basert på country/americana-tema. Alle songane er skrivne av Bernie Taupin og Elton John med unntak av «Love Song» av Lesley Duncan. Det vart spelt inn i Trident Studios i London i mars 1970 og kom ut i oktober 1970. Det nådde andreplassen på albumlista i Storbritannia og femteplass i USA.
I 2003 vart det rangert på 463. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene og i 2012 på 458. plassen på tilsvarande liste. Dee Murray og Nigel Olsson, som spelte på mange album med Elton John, er for første gong i lag på dette albumet som rytmeseksjonen på «Amoreena». Olsson hadde spelt på ein song på Empty Sky for John i 1969.
I 1975 vart songen «Amoreena» nytta i opningssekvensen av filmen Dog Day Afternoon.
Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet, men ein av songane spelt inn under innspelinga av albumet, «Into The Old Man's Shoes», vart gjeven ut som B-sida til ein av versjonane av singelen «Your Song». Ein tidleg versjon av «Madman Across the Water» var med Mick Ronson på elektrisk gitar og vart spelt inn under innspelinga av dette albumet, men vart spelt inn på nytt for albumet Madman Across the Water.
Alle spor skrivne av Bernie Taupin og Elton John, bortsett frå der andre er nemnde
Produksjon