Friends er det fjerde albumet til Elton John og Bernie Taupin, spelt inn før det store gjennombrotet deira i USA. Det vart spelt inn som musikken for filmen Friends og kom ut 6. april 1971 i USA. Tittelsporet vart ein liten hit i USA og nådde 34. plass, trass i at filmen gjorde det dårleg. Albumet vart nominert til Grammyprisen i 1972 for beste originale filmmusikk.[1]
Utanom den originale vinylutgåva frå 1971, har albumet aldri kome ut på ein eigen CD, men Friends-musikken finst på den doble CD-plata Rare Masters (1992) som spor 10–19 på eine plata, men med songane i ei anna rekkefølgje enn den originale LP-utgåva. Skilnaden er at «Michelle's Song» har byta plass med «Honey Roll» og «Variations on Friends».
Tidleg i 1970-åra framførte Elton John songane «Friends» og «Can I Put You On» på konsertane sine. Sistnemnde finst mellom anna på konsertalbumet 17-11-70 (kalla 11-17-70 i Nord-Amerika).
Innhald
Alle songar er skrivne av Bernie Taupin og Elton John.
|
1. | «Friends» | 2:20 |
2. | «Honey Roll» | 3:00 |
3. | «Variasjonar on 'Friends'» | 1:45 |
4. | «Theme (The First Kiss)/Seasons» | 3:52 |
5. | «Variasjonar on Michelle's Song (A Day in the Country)» | 2:44 |
6. | «Can I Put You On» | 5:52 |
|
7. | «Michelle's Song» | | 4:16 |
8. | «I Meant to Do My Work Today (After All a Day in the Country)» | | 1:33 |
9. | «Four Moods» | Paul Buckmaster | 10:56 |
10. | «Seasons Reprise» | | 1:33 |
Medverkande
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Filmmusikk | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|