Nigel Olsson (fødd 10. februar1949) er ein engelsk trommeslagar, som er mest kjend for arbeidet sitt med Elton John. Når han ikkje har arbeidd med John, har han jobba mykje som studiomusikar og har òg hatt ein eigen solokarriere.
Det første bandet han spelte inn med var Plastic Penny. Han slo seg så saman med bassisten Dee Murray, og spelte i konsertbandet til Elton John, og sidan på mange av dei mest kritikarroste albuma hans. I 1971 gav Olsson ut det første soloalbumet sitt, Nigel Olsson's Drum Orchestra and Choir med Murray og ein av dei første gitaristane til John, Caleb Quaye. Olsson spelte òg med bandet The Big Three. Han slutta å spele med Elton John etter 1975, men kom attende i turnebandet hans i 2000.
Olsson var òg ei kort stund i det engelske hardrockbandet Uriah Heep, og spelte trommer på nokre songar på debutalbumet deira Very 'eavy... Very 'umble i 1970.