Leather Jackets
Leather Jackets er det 20. studioalbumet til den britiske songaren Elton John , spelt inn i Sol Studios i England og Wisseloord Studios i Nederland. Albumet kom ut i 1986. Det var det første albumet hans som ikkje gav han nokon Topp 40-singlar i verken USA eller Storbritannia sidan Tumbleweed Connection i 1970-åra, som det ikkje vart henta singlar frå. Det er òg det Elton John-albumet som har gjort det dårlegast på albumlistene i karrieren hans. I 2006 omtalte John albumet som det han likte minst av dei han hadde laga, medan Bernie Taupin meinte dette var The Big Picture .
«Heartache All Over the World» var den einaste singelen som klarta inn på lista i USA, men nådde ikkje ein gong Topp 50. «Slow Rivers» er eit samarbeid med Cliff Richard som vart gjeven ut som singel i Storbritannia.
Roger Taylor og John Deacon frå Queen speler høvesvis trommer og bassgitar på songen «Angeline».
Dette var det siste studioalbumet til John som vart produsert av Gus Dudgeon .
Dette er det einaste av studioalbuma til John som per 2011 ikkje har blitt remastra.
Innhald
Alle songar er skrivne av Bernie Taupin og Elton John , bortsett frå der andre er nemnde.
1. «Leather Jackets» 4:10 2. «Hoop of Fire» 4:14 3. «Don't Trust That Woman» Cher /Lady Choc Ice4:58 4. «Go It Alone» 4:26 5. «Gypsy Heart» 4:46
6. «Slow Rivers» 3:06 7. «Heartache All Over the World» 4:01 8. «Angeline» John/Taupin/Carvell 3:55 9. «Memory of Love» John/Gary Osborne 4:08 10. «Paris» 3:58 11. «I Fall Apart» 4:00
Medverkande
Vickey Brown – korvokal (7)
Alan Carvell – korvokal (2, 4, 5, 7-10)
John Deacon – bassgitar on «Angeline»
Kiki Dee – korvokal (6)
Graham Dickson – elektronisk perkusjon (1, 3, 4, 7)
Gus Dudgeon – trommeprogrammering (1), elektronisk perkusjon (1, 4, 7)
Martin Fjord – orkesterbestilling på «Slow Rivers»
Elton John – vokal, Yamaha GS1 (1, 8), akustisk piano (2, 4-6, 10), Roland JX-8P (2, 11), MIDI -piano (3), Yamaha CP-80 (11)
Davey Johnstone – akustisk gitar (1-5, 7, 9), elektrisk gitar (2-11), korvokal (2, 4, 5, 7-10)
Katie Kissoon – korvokal (2)
Shirley Lewis – korvokal (4, 5, 8-10)
Jody Linscott – perkusjon (3), tamburin (7)
Fred Mandel – synthesizerprogrammering og sequencing (1, 4, 7), Yamaha DX7 (2, 6, 9), Korg DW-8000 (3, 10), Roland JX-8P (4, 11), Roland Jupiter 8 (5, 6, 10, 11), Roland P60 (7, 9), Prophet 2000 (7), Yamaha TX816 Rhodes (10), akustisk piano (11)
Dave Mattacks – trommer (2, 5)
Charlie Morgan – trommer (2, 4, 6, 7, 9-11), electronic perkusjon (4)
Gordon Neville – korvokal (4, 5, 7-10)
James Newton-Howard – strykearrangement og dirigent på «Slow Rivers»
David Paton – bassgitar (2, 3, 5, 9-11)
Frank Ricotti – perkusjon (2)
Cliff Richard – vokal på «Slow Rivers»
Roger Taylor – trommer på «Angeline»
Paul Westwood – bassgitar on «Slow Rivers»
Pete Wingfield – korvokal (2)
Gavyn Wright – orkesterleiar på «Slow Rivers»
Teknisk
Produsert av Gus Dudgeon
Lydteknikar på spor 1, 3, 4, 6, 7, 9, 10 og 11: Graham Dickson
Lydteknikar på spor 2, 5, 6 og 8: Stuart Epps
Assisterande lydteknikar – Albert Boekholt and Ronald Prent
Miksa av Graham Dickson og Gus Dudgeon
Studiokoordinatorar – Steve Brown og Adrian Collee
Kunstverk – David Costa
Fotografi – Gered Mankowitz
Mastering av Greg Fulginiti (USA)
Salslister
Vekeslister
Årslister
Liste (1986)
Plassering
Den australske albumlista[ 9]
58
Salstrofé
Kjelder
Studioalbum Konsertalbum Samlealbum Filmmusikk Tilknytte artiklar