Ice on Fire er det nittande studioalbumet av den britiske songaren Elton John, utgjeve i 1985. Det var det første albumet sidan Blue Moves frå 1976 som vart produsert av Gus Dudgeon.
Albumet nådde berre 48. plass i USA, men gjekk heilt til tredjeplass i Storbritannia. George Michael medverkar på to spor på albumet, «Nikita» og «Wrap Her Up».
Trass i middelmåtige sal i USA, gjekk desse to songane inn på Topp 20 i både USA og Storbritannia. «Nikita» nådde sjuandeplass i USA og tredjeplass i Storbritannia. Roger Taylor og John Deacon frå Queen spelar høvesvis trommer og bass på «Too Young». I USA selde albumet til gullplate i juni 1986.
Alle spor skrivne av Bernie Taupin og Elton John, bortsett frå der andre er nemnde
Nokre CD-versjonar inneheld bonussporet «Act of War», ein duett med Millie Jackson. Denne songen er ikkje inkludert på LP-versjonen.
*salstala er basert på sertifiseringa aleine^salstala er basert på sertifiseringa aleinexuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine