Islay (skotsk-gæliskÌle, frå norrøntJuley) er ei øy utanfor Skottland, kjend som «Dronninga av Hebridane» (Banrìgh nan Eilean).[1]. Ho er den sørlegaste av øyane i Indre Hebridane og ligg i Argyll like vest for Jura og rundt 40 km nord for kysten av Irland og Rathlin Island, som ein kan sjå på klåre dagar. På gælisk vert ein innbyggjar frå Islay kalla Ìleach (fleirtal Ìlich). Om lag ein tredjedel av innbyggjarane talar skotsk-gælisk.[2] Hovudstaden på øya er Bowmore, som er kjend for destilleriet og den runde Kilarrow soknekyrkje. Port Ellen er den største busetnaden.
Islay er den femte største øya i Skottland[3] og den sjette største øya i Storbritannia. Ho har eit areal på 620 kvadratkilometer og litt over 3000 innbyggjarar. Den største industrien er malt whisky-destillering og turisme.
Det finst mange fugleartar på øya og ho er ein populær destinasjon for fuglekikkarar året rundt. I februar er det mogeleg å sjå store koloniar av kvitkinngås. Andre fuglar er alpekråke, myrhauk, havørn, tjeld, skarv og mange vadefuglar.
Klimaet på Islay er ofte mildare enn på det skotske fastlandet på grunn av Golfstraumen.
Historie
Dei tidlegare busetjarane på Islay var jaktarar og samlarar som kom her i mellomsteinalderen. I 1993 vart det funne pilspissar av flint nær Bridgend datert til kring 10 800 f.Kr. Det eldste funnet etter menneske i Skottland.[4]
Den nedskrivne historia starta med eit dokument knytt til St. Columba[5] som truleg reiste over Islay på veg til Iona, der han grunnla eit kloster på 500-talet. På denne tida låg Islay i Kongedømet Dál Riata og vart styrt av Cenél nÓengusa.
Frå 1300- til 1500-talet vart det meste av vestkysten av styrt av Lord of the Isles frå Finlaggan på Islay. Eit eigedomsdokument gjeve til ein innbyggjar på Islay av Domhnall av Islay i 1408 er eit av dei tidlegaste dokumenta der gælisk er brukt offentleg.[6] Opphavet til herredømet går tilbake til då nordmennene vart slått av Somerled utanfor kysten av Islay i 1156.
På Islay stod ein innviingsstein med innskjerte fotavtrykk. Når ein høvding frå Donald-klanen vart innsett som «Konge av øyane», stod han berrføtt i fotavtrykka på steinen med steinen til faren i handa, og vart salva til konge av biskopen av Argyll og sju prestar. Steinblokka vart øydelagd med vilje tidleg på 1600-talet.[7]
Den høgaste toppen på Islay er Beinn Bheigier på 491 meter over havet.
Klima
Øya vert påverka av Golfstraumen og har eit mildt klima samanlikna med det skotske fastlandet. Snø er sjeldan og frostperiodane er berre kortvarige. Det er derfor mange hagar på øya og eksotiske planter er ikkje uvanleg. Vinterstormane frå Atlanteren råkar stundom øya, og dette kjan gjere transport til og frå øya vanskeleg om vinteren.