Gometra er ei øy i Indre Hebridane i Skottland, vest for Mull. Ho ligg like vest for Ulva, og har brusamband til denne øya og ved lågvatn òg via ein sandbanke. Ho er om lag 4,25 km² stor.
Øya er eit jordbruksområde og tidlegare vart det dyrka korn her for klosteret på Iona. Ein gong budde det over hundre menneske på øya, men i dag er det berre ei handfull att. Det er mykje sau, noko geiter og kronhjort på øya. Av historiske stader på øya finn ein ein gammal gravhaug, ruinane av to festningar og gamle busetnader. Namnet på øya kjem frå det norrøneGoðrmaðray som tyder «krigarprestøya» og det gæliskeGu mòr traigh som tyder «berre ved lågvatn».
I 1932 vart øya seld til den engelske fjellklatraren Hugh Ruttledge (1884–1961). Medan han budde på øya leia han to britiske ekspedisjonar til Mount Everest, i 1933 og 1936. I 1950 flytta han til Dartmoor.[1]