< 1500-talet > viser til hundreåret frå 1500 til 1599 i den julianske og den gregorianske kalenderen.
Hendingar
Den vesle istida, ein periode med kjøligare klima, førte til dårlegare haustar og hungersnaud i nord.
Ekspedisjonen til Ferdinand Magellan var den første som segla rundt heile jorda. Berre eitt skip overlevde turen, det kom tilbake til Spania under leiing av Juan Sebastián Elcano i 1522.
Europa
Det osmanske riket nådde høgdepunktet sitt under Suleiman den Store (regjerte 1520–1566). Osmanarane svelgde nesten heile det ungarske kongedømet og truga habsburgarane, men måtte gje opp å ta Wien i 1529.
1500-talet såg byrjinga på protestantismen med Reformasjonen, og byrjinga på konflikten mellom dei to formene for vestleg kristendom i mellom anna Hugenottkrigen i Frankrike.
Den nye verda
Spania styrta aztekarriket i Mexico i 1521 og inkariket i Sør-Amerika i 1533. Dei utforska Amerika og plyndra det for gull, men introduserte òg hesten til den nyfunne verdsdelen. Tilbake til Europa kom nye matsortar: Mais, potet, tomat og sjokolade.
Portugal byrja den europeiske koloniseringa av Søraustasia då dei overvann Malaccasultanatet.
Kjende personar
Oppfinningar og oppdagingar