Isle of Ewe (skotsk-gælisk Eilean Iùbh) er ei lita øy vest for Ross and Cromarty i Skottland i Indre Hebridane.
Isle of Ewe ligg i Loch Ewe, vest for Aultbea i Ross and Cromarty i Highland. Øya består av sandstein og kysten varierer frå flate grusstrender til klipper.
Sidan namnet på øya høyrest ut som «I love you», har det vorte populært for par å ta båtturar rundt øya.[1]
Kjelder