Eriskay (skotsk-gæliskEirisgeidh, norrøntEiriksey) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Namnet kjem frå det norrøne «Eiriksøya». Ho ligg mellom South Uist og Barra og er knytt til South Uist med ein molo, som opna i 2001. Same året opna ferjekaien for sambandet mellom South Uist og Barra.
Øya
Sjølv om er ei liga øy som er 4 km lang og 2 km brei er ho kjend langt utanfor Hebridane. Ho er omtalt i den hebridiske folkesongen Eriskay Love Lilt, Eriskay-ponni og Eriskay-trøye. Den 2. august 1745 la den vesle fregatten «le Du Teillay» til lands med Charles Edward Stuart go sju av mennene hans. Her starta dei Jacobittaropprøret som var dette året.