Kerrera (skotsk-gæliskCearrara, norrøntKjarbarey) er ei øy i Indre Hebridane i Skottland, nær byen Oban. I 2005 hadde øya om lag 35 innbyggjarar. Det går passasjerbåt til fastlandet ved Gallanach Road.
Øya er kjend for ruinane av Gylen Castle frå 1582. Det var òg staden der Aleksander II av Skottland døydde i 1249. Det høgaste punktet på øya er Carn Breugach på 189 meter over havet. Det meste av øya er eigd av McDougall-familien frå Dunollie, som er etterkomarar etter den skotske prinsen Somerled.
Hovudnæringa på øya er jordbruk (sau og Highland-kveg) og turisme. Det ligg ein kafe sør på øya nær Gylen Castle. Sjølve slottet har nyleg vorte restaurert og er i dag ope for publikum.
Galleri
Utsyn mot Gylen Castle på Kerrera.
Hamna Ardantrive på Kerrera, utsyn sørover frå Oban til ferja Craignure.