Verdsmeisterskapen i skiskyting vert arrangert kvart år, utanom dei åra det er vinter-OL. Øvingane dei siste åra har vore individuelt (20 km for menn, 15 km for kvinner), sprint (10 km for menn, 7,5 km for kvinner), jaktstart med utgangspunkt i resultatet frå individuelt (12,5 km for menn, 10 km for kvinner), fellesstart (15 km for menn, 12,5 km for kvinner) og stafett (4 x 7,5 km for menn, 4 x 6 km for kvinner).
Den første VM i skiskyting vart arrangert i 1958, med ei (offisiell) individuell øving og ein (uoffisiell) stafett for menn. Sidan den gong har talet på øvingar auka monaleg. Frå og med 1984 fekk kvinnene sitt eige VM, og frå og med 1989 har begge kjønn delteke i felles verdsmeisterskap.
VM-arrangørar
Verdsmeisterskapen blir arrangert i februar eller mars. Enkelte år har det vore naudsynt å halda delar av meisterskapen på ein annan arena enn hovudarenaen, på grunn av ver- eller snøtilhøva. Det vert aldri halde fullstendige VM i OL-sesongar.
Menn
20 km normalprogram
Øvinga vart arrangert fyrste gongen i 1958.
10 km sprint
Øvinga vart arrangert fyrste gongen i 1974.
12,5 km jaktstart
Øvinga vart arrangert fyrste gongen i 1997.
Fellesstart (15 km)
Øvinga vart arrangert fyrste gongen i 1999.
Stafett (4 x 7,5 km)
Øvinga vart arrangert fyrste gongen 1965. I åra før 1965 vart det delt ut lagmedaljar basert på samanlagttida til dei tre beste løparane frå dei enkelte landa.
Lag
Denne øvinga vart arrangert frå 1989 til 1998.
Kvinner
15 km normalprogram
Denne øvinga vart første gong arrangert i 1984. Til og med 1988 var distansen 10 km.
- ( ¹ endra nasjonalitet frå Ukraina til Kviterussland i 2002)
- ( ² gift med badmintonspelaren Petr Koukal i 2016)
7,5 km sprint
Denne øvinga vart første gong arrangert i 1984. Til og med 1988 var distansen 5 km.
10 km jaktstart
Denne øvinga vart første gong arrangert i 1997.
Fellesstart, 12,5 km
Denne øvinga vart første gong arrangert i 1999.
Stafett (4 x 6 km)
Denne øvinga vart første gong arrangert i 1984. Til og med 1991 gjekk ein 3 x 5 km. I 2004 vart etappelengda endra frå 7,5 km til 6 km.
Lag
Denne øvinga vart arrangert frå 1989 til 1998.