Falun er ein by i Falu kommun i Dalarnas län i Sverige. Han er administrasjonssenter for Falu kommune og residensby for Dalarnas län. Falun er den 26. største tettstaden i Sverige, med 36 447 innbyggarar (2005).[1]
Fram til 1971 heitte han Falu stad. Byen er kjend for ei no nedlagd kopargruve og for årlege skirenn i verdcupen. I 1993 gjekk ski-VM i Falun.
Geografi
Faluån renn rett gjennom byen og deler den i to delar. På den eina sida ligg Falu koppargruva som gjennom fleire hundreår var den viktigaste næringsverksemda til byen. Denne sida av elva vert difor kalla den gruvliga sidan ('den fæle sida') på folkemunne, på grunn av at det ikkje voks så mykje på den forgifta marka. På den andre sida av elva ligg det fleire store og vakre gamle villaar og denne sida vert kalla den ljuvliga sidan ('den vene sida').