Saalfelden am Steinernen Meer er ein by og ein kommune i landskapet Pinzgau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 118,5 km² og vel 16 000 ibuarar. Byen Saalfelden ligg 744 meter over havet, om lag 14 km nord for distriktshovudstaden Zell am See. I nord grensar kommunen mot Tyskland.