Ingrid Tandrevold
|
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
23. september 1996 (28 år) Bærum kommune
|
Idrett |
skiskyting
|
Tok del i
|
VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse kvinner
|
Ingrid Landmark Tandrevold (fødd 23. september 1996) er ein norsk skiskyttar frå Bærum i Akershus. Ho vann VM-gull i 4 x 6 km stafett med Noregs lag under VM i skiskyting 2019, ein meisterskap der ho også vann sølvmedaljen i 7,5 km sprint. Tandrevold er medlem i Fossum Idrettsforening.
Aktiv
Tandrevold vart norsk meister i normalprogrammet allereie i 2015. Ho deltok i Vinter-OL 2018 i Pyeongchang utan å utmerke seg i dei individuelle tevlingane, men var med å gå Noregs kvinne-stafettlag inn til fjerdeplass. Tandrevold fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2019-sesongen. I verdscuptevlingane i Ruhpolding gjekk ho inn til andreplass i fellesstart. Under verdsmeisterskapen 2019 i Östersund slo ho til med to fulle skytehus og andreplass i 7,5 km sprint, slått med 9,7 sekundar av gullvinnar Anastasija Kuzmina frå Slovakia. Ei veke seinare gjekk Tandrevod ein prikkfri andreetappe for det norske vinnarlaget i 4 x 6 km stafett, dei andre verdsmeistrane var Synnøve Solemdal, Tiril Eckhoff og Marte Olsbu Røiseland.
Kjelder
Bakgrunnsstoff