Verdsmeisterskapen i skiskyting 2011, den 44. i rekka, vart avvikla i Khanty-Mansijsk i Russland dagane 3. – 13. mars 2011. Også i 2003 vart verdsmeisterskapen arrangert i Khanty-Mansisjk.
Meisterskapen omfatta 11 tevlingar, fem for menn og like mange for kvinner, samt ein mixstafett der både kvinner og menn deltok på dei ymse laga.
Medaljevinnarane kom frå ni land. Både Noreg og Tyskland tok kvar sine fire gullmedaljar, flest medaljar fekk Noreg med åtte (4-1-3). Magdalena Neuner frå Tyskland og Tarjei Bø frå Noreg var dei store forgrunnsfigurane med i alt fem medaljar kvar, derav tre gull til begge.