Zakopane er ein by heilt sør i Polen med opp under 30 000 innbyggjarar. Han ligg i Veslepolske voivodskap. Byen vert kalla «vinterhovudstaden i Polen» og ligg heilt sør i regionen Podhale ved foten av Tatrafjella, den einaste alpine fjellkjeda i Karpatane.
Geografi
Zakopane ligg i ein stor dal mellom Tatrafjella og Gubałówka-høgda, mellom 750 og 1000 meter over havet. Dette gjer han til den høgastliggande byen i Polen. Den sentrale gata i Zakopane, Krupówki, ligg ved 838 meter over havet.
Den store høgda gjer at byen har eit typisk fjellklima, med låge temperaturar og mykje nedbør, særskild om sommaren.
Innanfor dei administrative områda til byen ligg òg ein stor del av Nasjonalparken Tatra (Tatrzański Park Narodowy).
Historie
Byen vert for første gong nemnd under namnet Zakopisko på 1600-talet . I 1676 hadde den dåverande landsbyen 43 innbyggjarar. Saman med ein del av Tatrafjella vart han seld til Homola-familien i 1824. Den vidare historia var knytt til utviklinga av gruve- og metallurgidrifta i regionen – på 1800-talet var han det største sentret for metallurgi i Galicia. Zakopane opplevde sterk vekst mot slutten av 1800-talet, då det milde klimaet starta å trekke til seg turistar frå Kraków. Byen vart raskt ein populært feriestad for folk frå heile Austerrike-Ungarn.
Zakopane er den største vintersportstaden i Polen, og det viktigaste senteret for fjellklatring og skiidrett i landet. Det er gode høve både for langrenn, snøbrett og alpint i områda rundt byen. Dei mest kjende er Kasprowy Wierch, Nosal og Gubałówka-høgda.
Byen er eit sentrum for turisme òg om sommaren, då han er eit fint utgangspunkt for fotturar i Tatrafjella. Zakopane vert vitja av om lag tre millionar turistar i året.
Zakopane-stilen
Zakopane er kjend for sin spesielle og unike byggestil, som vart utvikla av Stanisław Witkiewicz. Witkiewicz brukte tradisjonelle lokale byggeskikkar til å utvikle ein spesiell form på trehus, med særs bratte tak og innslag av art noveau. Stilen, som på polsk er kjend som styl zakopiański eller styl witkiewiczowski («Zakopane-stilen», «Witkiewicz-stilen»), vart raskt populær, og mesteparten av byen er framleis i dag bygd i denne stilen.
Górale-kulturen
Innbyggjarane i Podhale-regionen og dermed òg i Zakopane er kjende som górale i Polen. Desse høglendarane har halde på ein veldig distinkt kultur og dialekt, og var eit symbol på polsk kultur under kampane for polsk sjølvstende gjennom 1900-talet. Sjølv om denne kulturen kanskje har vorte noko utvatna, mellom anna på grunn av utvandring til USA, har han framleis eit fast grep om Zakopane. Det er ikkje uvanleg å sjå folk gå i tradisjonelle folkedrakter i byen på søndagar og andre heilagdagar, og om sommaren vert det ofte halde store utandørskonsertar og -festivalar med den lokale folkemusikken.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zakopane