Samoa har tropisk regnklima og årsnedbøren i hovudstaden Apia er kring 3000 mm, mest i tida desember-april. I fjellskråningar vendt mot søraust kan årsnedbøren bli 6000-7000 mm. Middeltemperaturen er 26-27 °C med små årstidsvariasjonar. Tyfonar kan passere øyane i perioden desember-mars og føre til store øydeleggingar, som tyfonen Val i 1992.