Samoansk er eit austronesisk språk som hovudsakleg blir snakka på Samoa og Amerikansk Samoa. Det er til saman ca. 426 000 talarar av samoansk, halvparten av dei bur på Samoa.
Klassifisering
Samoansk høyrer til den malayopolynesiske gruppa inna for den austronesiske språkfamilien. Nære slektningar er tuvalu og tokelau.
Alfabet
Samoisk bruker 14 bokstavar. Vokalsymbol:
Konsonantsymbol:
f, g, l, m, n, p, s, t, v
Bokstaven k blir også brukt i visse språk.
Dialektar
Samoansk har ikkje geografiske dialektskilnader i vanleg forstand, men det er stor skilnad mellom tale- og skriftspråket.
Grammatikk
Determinativ
Samoisk har to determinativar, le og se. Determinativen le kan bli brukt både som bunden og ubunen determinativ, se er alltid ubunden. Determinativane er ikkje i bruk i fleirtal.
Talord
Frå ein til ti er talorda:
- tasi (1)
- lua (2)
- tolu (3)
- fa (4)
- lima (5)
- ono (6)
- fitu (7)
- valu (8)
- iva (9)
- sefulu (10)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikipedia på samoansk