Tuvalu er ein øystat i Stillehavet, plassert midtvegs mellom Hawaii og Australia. Landet er den sjølvstendige staten med minst folketal i verda, om ein ser bort frå Vatikanstaten. Namnet tuvalu tyder åtte som står saman, og viser til dei åtte (no ni) atolla som saman utgjer staten.
Ingen av øyane er høgare enn fem meter over havet, og dei vil vera svært truga dersom havnivået stig i framtida. I løpet av dei neste tiåra kan det henda at tuvaluanarane vil evakuera til New Zealand, eller til Niue, ei lita stillehavsøy med lenkjer til New Zealand, som har fallande folketal.