Vanuatu er eit land som ligg i den sørlege delen av Stillehavet. Vanuatu består av ei rekkje mindre øyar som ligg ca. 1 750 km aust for Australia, 500 km nordaust for Ny-Caledonia, vest for Fiji og sør for Salomonøyane. Koloninamnet var Ny-Hebridane. Dette namnet er ikkje lenger i bruk unnateke til historisk bruk.
Vanuatu består av over 83 øyar. To av desse - Matthew- og Hunterøyane - vert gjort krav på av den franske oversjøiske staten Ny-Caledonia. Dei fleste av øyane er fjellaktige og vulkanske av opphav. Den største byen i landet er hovudstaden Port Vila.
Klima
Vanuatu har eit tropisk maritimtklima som er moderert av søraustpassaten i perioden mai-oktober. Resten av året er vindretningane variable, og det er mange tyfonar frå november til april. Årsnedbøren varierer frå 2300 mm i sør til ca. 4000 mm i nord. Middeltemperaturen i hovudstaden Vila er 22 °C i august og 27 °C i februar.