Bokstaven L (l) er den 12. bokstaven i det latinske alfabetet og den 11. i det greske alfabetet (Λ λ). Bokstaven stammar frå det fønikiske alfabetet. Bokstaven heiter på hebraisklamed, og vart av grekarane omdanna til lambda. Romarane gav bokstaven namnet el. Romartalet L = 50 er oppstått av ei redusert form for den greske bokstaven Ψ (psi).
I runealfabetet er bokstaven femte rune i tredje ætt.