Apia er hovudstaden og største byen i Samoa. Han ligg på øya Upolu og hadde i 2001 eit innbyggjartal på 39 700.
Apia er eit handelssentrum med utførsla av kopra, bananar, kakao og kaffi.
Apia var opphavleg ein landsby med eit innbyggjartal på 304 i 1800.[1]
Dagens by blei grunnlagd i 1850-åra og har vore hovudstad på Samoa sidan 1959.[2]
Kjelder
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff