One Size Fits All er eit studioalbum frå 1975 av Frank Zappa and The Mothers of Invention. Det er det niande og siste studioalbumet til bandet.
Det vart førebudd og reklamert for ein firekanals kvadrofonisk versjon av albumet, men dette vart aldri gjeve ut.[4]
Albumet vart spelt inn av den siste versjonen av The Mothers of Invention med George Duke, Chester Thompson, Ruth Underwood, Tom Fowler og Napoleon Murphy Brock. Zappa heldt fram å spele og turnere, ofte med tidlegare medlemmar i Mothers of Invention.
Albumet inneheld ein av dei mest komplekse songane til Zappa, «Inca Roads». Ein av heltane til Zappa, Johnny «Guitar» Watson er gjesteartist på to songar («San Ber'dino» og «Andy»).[5]
One Size Fits All vart først gjeven ut på CD av Rykodisc i 1988 og i 2012 av Universal Music Group med etiketten Zappa Records.
Alle spor skrivne av Frank Zappa
Album