Strictly Commercial er eit samlealbum av Frank Zappa. Det vart gjeve ut i 1995, to år etter han døydde.
På den europeiske versjonen vart «Tell Me You Love Me» erstatta av «Bobby Brown Goes Down», som var den største hitten til Zappa i Europa, men ekstremt kontroversiell i USA, der han aldri vart spelt på radio. Ein versjon for Australia og New Zealand var identisk til den amerikanske versjonen, men hadde med «Elvis Has Just Left the Building» på ei eiga plate.